Job Description
Published 26-11-2024
Deadline: 17-12-2024
Helsefagarbeidar
Likar du å arbeide med mennesker som har behov for heilhetlig omsorg, grunnleggjande sjukepleie og rehabilitering?
Vi i eining for pleie- og omsorgstenester, område Stryn, leitar etter ny kollega!
Stryn omsorgssenter består av to institusjonsavdelingar med 31 plassar og to avdelingar med heildøgsbemanna omsorgsbustadar med 40 plassar. Vi har også eiga kjøkkenavdeling, heimesjukepleie og heimehjelp.
Vi har no ledig fast 100% stilling på avdeling Fiolen. Her vil du jobbe saman med eit dyktig, tverrfaglig team og med varierte arbeidsoppgåver.
Som tilsett på Stryn omsorgssenter vil du få mange spanande oppgåver og moglegheit til å kunne utvikle deg fagleg.
Stillinga er turnusarbeid med årsarbeidsplan.
Arbeidsoppgåver
- Pasientretta pleie- og omsorgsoppgåver
- Rehabilitering
- Observere, planlegge, dokumentere og evaluere eige arbeid
- Tverrfaglig samarbeid
- Samarbeid med pårørande
- Arbeide med digitale system og velferdsteknologi
- Veilede lærlingar og nytilsette
Vi legg vekt på god opplæring ved start
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
- Du kan også søkje dersom du er på slutten av di læretid
- God datakunnskap
- God kunnskap i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å vise omsorg, empati og respekt
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Trivast med varierte arbeidsoppgåver
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Variabelt og spennande arbeid i positivt miljø
- Kjekke hjelpsomme kolleger
- God arbeidstidsordning for turnusarbeid
- Bedre pensjonsordning skal du leite lenge etter
Kontaktinformasjon
Reidun Aven, Avdelingsleiar område Stryn, 95801398
Arbeidsstad
Myrane 18
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 4890072178
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stryn Kommune orgnr: 987761806 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane. Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn |
Webside | http://stryn.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | STRYN (Adresse: Myrane 18 Postnr: 6783) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-12-2024 |