Job Description

Published 20-10-2024
Deadline: 05-11-2024

 

Helsefagarbeidar – Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen

Det er ledig to faste stillingar som helsefagarbeidar på Stranda omsorgssenter, avdeling sjukeheimen frå 13.01.2025. Stillingane er på 50 % og 60 %, spesifiser i søknaden din kva stilling du søkjer på. Arbeid etter til ei kvar tid gjeldande turnus. 

Vi er ein engasjert gjeng som er stolt av arbeidsplassen vår, vi har eit godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Vi søker ein sjukepleiar som brenn for fagleg utvikling og kvalitet i arbeidet. Du må vere sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner samt ta utfordringar på strak arm. Fag og samarbeid er viktig for oss. Vi nyttar datasystemet Visma Profil og programmet Visma Ressurs for turnusplanlegging. 

Stranda omsorgssenter avdeling sjukeheimen ligg sentralt i Stranda tettstad. Her er vi samlokalisert med andre pleie- og omsorgstenester.
Sjukeheimen består av 5 avdelingar med 30 rom for langtidsopphald (både demens og somatikk) og 8 rom for korttidsopphald, palliasjon og KAD.

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.  Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.

Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
    Må ha gode norskkunnskaper både muntleg og skriftleg
    Grunnleggande datakunnskap

    Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Ynskje om å jobbe med menneske og vere opptatt av høg fagleg kvalitet
    Evner til å jobbe sjølvstendig og i team
    Pålitleg og punktleg med god arbeidsmoral

Vi tilbyr

  •  Varierte arbeidsoppgåver, samt innflytelse på eigen arbeidsdag
  • Ungt og fagleg aktivt miljø
  • Godt arbeidsmiljø prega av mangfald, fag og humør
  • Treningsrom for tilsette
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Lønn etter tariff

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.  

Offentlig tenestepensjon

 

Kontaktinformasjon

Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180

Arbeidsstad

Nymarkvegen 58
6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 4875250078
Stillingsprosent: 50, 60%
Fast
Startdato: 13.01.2025
Søknadsfrist: 05.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stranda distrikt, Stranda kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

Webside https://www.stranda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted STRANDA (Adresse: Nymarkvegen 58 Postnr: 6200)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 13-01-2025
Søknadsfrist 05-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/49c23e73-ec62-4988-b7d2-a112b621edc0
IMPORTAPI