Helsefagarbeidar / pleiemedarbeidar – Aurland kommune

Health and social care Health

(6 måneder ago)

  • AURLAND
  •  Post Date: 29. May 2024
  •  Expire date: 23. November 2024
Job Description

Published 29-05-2024
Deadline: Unknown

 

Helsefagarbeidar / pleiemedarbeidar

Om stillinga

Me har fast 100% stilling som helsefagarbeidar / pleiemedarbeidar ved institusjonstenester frå 26.08.24.

Me vil helst rekruttere utdanna helsefagarbeidar, men dersom du ynskjer å ta utdanning medan du er tilsett, vil  Aurland kommune legge til  rette for dette. Søkarar utan fagbrev som ynskjer å ta fagutdanning blir prioritert framfor dei som ikkje ynskjer det.

Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, korttid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Vi har lyse og trivelege omgjevnader med gode fasilitetar og utstyr. Her har vi eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.

Institusjonstenester organisert under  kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen. 

Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.

Håpar at du vil bu i den fine kommunen vår,  passar det likevel ikkje for deg,  søk stillinga likevel. Me kan prøve å tilpasse vaktene slik at du kan pendle.

Arbeids- og ansvarsområde

  • varierte arbeidsoppgåver mellom anna som primærkontakt
  • faglege oppgåver blant anna som: sårstell, medikamenthandtering etter delegering frå avdelingsleiar,  
  • miljøarbeid og aktivitetar med pasientane
  • samarbeide om og fylgje opp tiltaksplan
  • vurdering og kartlegging av behov
  • dokumentering og rapportering i journalsystemet Visma profil
  • rådgjeving og rettleiing 
  • tverrfagleg samarbeid med andre som fysioterapaut, heimesjukepleien, o.a.

I tillegg kan avdelingsleiaren og sjukepleiarane delegere fleire interessante oppgåver.

Me tilbyr

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • løn etter etter tariff
  • ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
  • funksjonstillegg til praksisrettleiar
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen
  • hjelp til å skaffe bustad 
  • hjelp til å skaffe jobb til partnar 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår  her.

Kvalifikasjonar

Me vil prioritere søkarane i denne rekkefylgja:

  • du har fagbrev som helsefagarbeidar, eller tilsvarande utdanning. Du bør ha erfaring frå arbeid med brukargruppa, men god opplæring blir gitt om du er nyutdanna
  • du ynskjer å ta fagbrev som helsefagarbeidar. Me vil legge til rette for at du kan ta denne utdanninga
  • du kan bli tilsett som pleiemedarbeidar dersom du har relevant erfaring

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget. Me søkjer deg som er fleksibel og løysingsorientert. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, at du tek initiativ, og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Me vonar du har godt humør, er til å stole på, og er engasjert.  Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar,  og i tillegg brenn for faget – då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, eller langvakter kvar 4. helg. Dette etter ditt ynskje 
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aurland kommune orgnr: 983788599
Kort om arbeidsgiver

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurantar, kaféar, bryggeri, og bakeri.

 

Webside https://www.aurland.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted AURLAND (Adresse: Skjerdalsvegen 31 Postnr: 5745)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2416c656-e87c-4606-8827-c3123eb1a460
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/263583