Helsefagarbeidar på natt – Heimetenesta, Gloppen kommune

Health and social care LPN (nurse)

(3 weeks ago)

  • SANDANE
  •  Post Date: 3. September 2024
  •  Expire date: 22. September 2024
Job Description

Published 03-09-2024
Deadline: 22-09-2024

 

Helsefagarbeidar på natt

Vi har ledig  90 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt, frå snarast. Dersom det er ønskjeleg for søkjar kan stillingsprosent aukast til 100 %.

Nattevaktene jobbar sjølvstendig ute hjå pasienten. Det kan td. vere besøk hjå dei som av ulike grunner treng tilsyn gjennom natta for å kunne fortsette å bu heime. Målet
til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet i heimen. Vi jobbar med
fokus på kvardagsmeistring. 

Ein må kunne betjene tryggleiksalarmar, gi stell og pleie. Godt samarbeid med pasient og pårørande er viktig. Ein må rekne med ein del køyring i kommunal bil gjennom ei natt, i skiftande vêr og føreforhold. Området strekk seg i frå Hestenesøyra, rundt Gloppefjorden, Sandane, Anda og Breim.

Arbeidsoppgåver

  • Den tilsette gjev omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustadar og i heimane.
  • Følgevakt – de går to ilag ute på natt.
  • Vakta går frå kl 22.00 til kl 05.00.
  • Turnusarbeid med arbeid i vekedagane og kvar 6. helg.

Kvalifikasjonar

  • Primært helsefagarbeidar, men også andre med erfaring/interesse for arbeidsfeltet kan søkje.
  • Du må ha førarkort for personbil og snakke godt norsk.

Personlege eigenskapar

  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfellesskap.
  • Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Lokale tillegg på natt for helsefagarbarbeidarar.

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4852893440
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Heimetenesta, Gloppen kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Webside http://www.gloppen.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted SANDANE (Adresse: Postnr: 6823)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f9959ea0-f020-4f70-acb6-c52a6fac3071
IMPORTAPI