Helsefagarbeidar i øyriket Solund – Solund kommune Helse og omsorg

Health and social care LPN (nurse)

(14 hours ago)

  • HARDBAKKE
  •  Post Date: 27. October 2024
  •  Expire date: 17. November 2024
Job Description

Published 27-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Helsefagarbeidar i øyriket Solund

Er du helsefagarbeidar på jakt etter nye utfordringar? Då ser me etter deg!
Solund kommune er ein øykommune samansett av øyer og holmar ytterst i Sognefjorden. På den største øya ligg kommunesenteret Hardbakke og der har vi samla våre helsetenester. I Solund kommune er kvilepuls verdsatt, men av og til kan det jammen vere greitt å få pumpa til å slå litt også i ein variert og kjekk arbeidskvardag.

Vi har ledige helsefagarbeidarstillingar, 100% faste stillingar. Turnusen vår er i dag tredelt, men me er ikkje framand for å vere nytenkande.
Kunne du tenkje deg å arbeide ein stad med kombinert sjukeheim og heimeteneste med varierte og spanande arbeidsoppgåver? I ein øykommune der det blant anna er like naturleg å bruke båttransport som biltransport når vi skal på heimebesøk.
Solund kommune har slått saman institusjonstenesta og heimetenesta til ei eining, der ei samla personalgruppe har ansvar for både sjukeheimspasientar og heimebuande brukarar. Kommunen har òg si eiga ØHD/KAD seng og alle helse- og omsorgstenestene er samla under eit tak. Me har eigen legevakt som er bemanna 24/7 og saman er me eit godt team både dag og natt.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • Personleg hjelp og omsorg til brukarar i og utanfor institusjon.
  • Dokumentere i gjeldande fagsystem, og etter gjeldande prosedyrar.
  • Sørgje for at tiltak, oppfylgjing og dokumentasjon til ei kvar tid er fagleg forsvarleg.
  • Bidra til god informasjonsflyt på avdelinga.
  • Være fleksibel til også å kunne utføre andre relevante oppgåver.
  • Bidra aktivt til eit positivt arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar.
  • Gode framstillingsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Evne til å arbeide systematisk for å sikre god kvalitet i tenesta på kvar vakt.
  • Førarkort klasse B
  • Gjerne erfaring frå eldreomsorg.

Sidan vi er ein liten institusjon er det viktig at du er god på samhandling. Det er ein variert kvardag, difor er det viktiga at du er fleksibel og har evne til å tilpasse deg. For å få ein triveleg kvardag saman med bebuarane og kollegaer ser vi for oss at du er raus og inkluderande.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg miljø
  • Løn etter tariff  
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjersle
  • Spanande faglege arbeidsoppgåver i nydeleg natur ytst i havet
  • Ein overvektig katt som bur på institusjonen med stor appetitt på både kos og mat
  • I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. 
  • Godt arbeidsmiljø, og eit inkluderande samfunn.

Dette er stillinga for deg som ynskjer å jobbe på ein mindre institusjon i eit lite samfunn. Som helsefagarbeidar i Solund kommune har du tid til å bli godt kjent med brukarane. Det kan vere travle arbeidsdagar her hos oss, men på same tid eit heilt anna tempo enn ein opplever på større stadar. Hos oss skal du få tid til å gjere den gode jobben som helsefagarbeidar.

Om du likar å være aktiv/sosial på fritida finst det mange aktivitetar og frivillige lag for både store og små. Sjølv om me er små finst det noko for dei fleste her hjå oss. 

Syns du dette kan høyrast spanande og utfordrande ut, ja då må du søkje stillinga! Slå gjerne på tråden til Ingelin – leiar for sjukeheim og heimetenester, ho gler seg til å høyre frå deg!

Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid 6 månadar.
I tråd med lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.

Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Velkomen som søkjar!

Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Solund kommune Helse og omsorg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.

I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.

Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted HARDBAKKE (Adresse: Hardbakke Postnr: 6924)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/63b7fba0-5ae8-457f-8dee-e3fe84fab31e
IMPORTAPI