Job Description

Published 06-01-2025
Deadline: 02-02-2025

 

Helsefagarbeidar i årsturnus, dag/kveld/langvakt

I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Vi er også med på nasjonale satsingar som “Gode pasientforløp” og “Kva er viktig for deg”, vi innfører Kjernejournal og nyttar velferdsteknologi, og deltek i interkommunalt simuleringsprosjekt. Vi har eige godt utstyrt øvingsrom med moglegheitar for fagutvikling og simulering,  vi har eigne fasilitatorar og instruktørar.

Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på god ernæring og eit variert tilbod med fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling. 

Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. 1 ØHD-plass. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.

Vi har legevakt i kommunen 24/7. 

Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget! Velkomen som søkar!

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid med pasientnær kontakt og grunnleggande pleie- og omsorgsoppgåver
  • Observasjon og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
  • Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
  • Multidose- og generell legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, fagarbeidar med anna relevant helsefagleg utdanning (søkarar under relevant utdanning kan også bli vurderte)
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Er løysingsorientert og viser initiativ
  • Er nytenkande, engasjert i aktivitet og kan motivere
  • Er positiv og fleksibel, og kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Har stor arbeidskapasitet, då kvardagen i pleie og omsorg kan vere hektisk
  • Er tolmodig og har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Spennande faglege utfordringar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og samarbeid i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +47 35067188

Arbeidssted

Prærien 23
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 4892131958
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling pleie og omsorg, Fyresdal kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.
Webside https://www.fyresdal.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted FYRESDAL (Adresse: Prærien 23 Postnr: 3870)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1bd68a9b-efdf-4c66-a232-c39ab835bba0
IMPORTAPI