Helsefagarbeidar – Herøy kommune, heimetenestene i ytre Herøy

Health and social care LPN (nurse)

(17 hours ago)

  • FOSNAVÅG
  •  Post Date: 6. October 2024
  •  Expire date: 21. October 2024
Job Description

Published 06-10-2024
Deadline: 21-10-2024

 

Helsefagarbeidar

Ønsker du å bidra til ein trygg kvardag for heimebuande eldre og sjuke? Heimetenesta i ytre Herøy har eit ledig vikariat i 100 prosents stilling for helsefagarbeidar. Stillinga er ledig frå snarast til 31.08.2025.

Vi er opptekne av å arbeide for eit inkluderande arbeidsmiljø, og vi ser etter deg som er interessert i ein variert arbeidskvardag med fokus på høg fagleg kvalitet saman med gode kollegaer.

Arbeidstida er for tida fordelt i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi vurderer å ha lengre helgevakter, noko som kan gjere at det vert færre helger i turnusen.

Heimetenesta passar for deg som ønsker å yte helsetenester i private heimar og likar å ferdast rundt om i det vakre landskapet i Herøy.

Arbeidsoppgåver

  • yte helsetenester til heimebuande eldre og sjuke (til dømes personleg hygiene, ernæring og legemiddelhandtering)
  • nytte velferdsteknologi som tryggleiksalarm og elektronisk medisindispenser for legemiddelhandtering
  • utarbeide og følge opp tiltaksplanar
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • arbeide i stor grad sjølvstendig og samarbeide med anna helsepersonell
  • rettleie og samarbeide med pasientar og pårørande
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald etter kompetanse for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar (eller er i utdanningsforløp)
  • erfaring frå arbeid i heimetenesta (ein fordel)
  • gode datakunnskapar (Erfaring med Gerica er ein fordel.)
  • kurs i legemiddelhandtering (Kurs kan og takast eller fornyast ved tilsetting.)
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
  • førarkort klasse B

Vi har nynorsk som administrasjonsmål.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Godkjent autorisasjon og politiattest må leggast fram før tilsetting. 

Personlege eigenskapar

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utførte på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg, både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og profesjonelt
  • møte pasientar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning, sjølv i krevjande situasjonar
  • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og godt samarbeid for å løyse oppgåver
  • har fokus på heilskaplege pasientforløp
  • likar å køyre bil i arbeidet gjennom ulike årstider

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse, samhald og inkludering med gode kollegaer
  • fagleg dyktige kollegaer, ein lærerik og variert arbeidsstad
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • pensjon og forsikringsordning gjennom KLP
  • fagdag i turnus
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
  • stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse og omsorg

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Maria Kristin Kvalsvik, Seksjonsleiar, +47 99210059

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5
6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 4852075106
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 07.10.2024
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 21.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Herøy kommune, heimetenestene i ytre Herøy orgnr: 918164472
Kort om arbeidsgiver

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske.

 «Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!

Webside www.heroy.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted FOSNAVÅG (Adresse: Sjukeheimsvegen 5 Postnr: 6092)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 07-10-2024
Søknadsfrist 21-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/900f8c43-d1f2-4254-b338-c6b05269f186
IMPORTAPI