Helsefagarbeidar helgestilling – Bokn kommune Pleie- og omsorg
Health and social care LPN (nurse)(21 hours ago)
Job Description
Published 17-12-2024
Deadline: 19-01-2025
Helsefagarbeidar helgestilling
Er du helsefagarbeidar\sjukepleiarstudent\vernepleiarstudent eller helsefagelev og ønskjer å jobbe på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt, trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan Bokn sjukestove vera staden for deg! Arbeidsdagane er varierte då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.
Me ønskjer i hovudsak deg som har helsefagleg utdanning, men andre med relevant erfaring og\eller under helsefagleg utdanning vert også vurderte og oppmodast til å søkje.
Stillinga er ledig frå snarast og med gjennomsnittleg arbeid anna kvar helg, eventuelt langvakter.
Om arbeidsstaden
Pleie og omsorg består av Sjukestova, heimetenesta og Bu- og aktivitet. Omsorgsbustadane ligg i flukt med sjukestova.
Det er 16 sengeplassar ved sjukestova og 12 omsorgsbustadar.
Avdelingane er lokalisert på Boknatun.
Arbeidsoppgåver i stillinga
- Ordinære helsefagarbeidaroppgåver
- Utlevering av medisiner (må ha medikamentkurs)
- Stell og pleie
- Halde seg fagleg oppdatert
- Veiledning til pasientar og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Tillitsskapande miljøarbeid
- Ha fokus på bruk av velferdsteknologi
Kompetansekrav
- Offentleg godkjent helsefagarbeidar
- Andre med interesse for å utdanne seg som helsefagarbeidar kan også søkje
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Evne til å motivere og engasjere
- Initiativrik og fleksibel
- God samhandlingskompetanse
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Trivast med å arbeide med mennesker
- Godt humør og løysningsorientert
- Handtere travle arbeidskvardagar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsgjevar tilbyr
- Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
- Innmelding i pensjonskasse
- Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
- Ein spanande arbeidsplass med moglegheit for fagleg utvikling
Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no “ledige stillinger”
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO