Job Description

Published 24-09-2024
Deadline: 10-10-2024

 

Helsefagarbeidar – fast stilling ved Giske omsorgssenter

Vi har ledig fast 100 % stilling som helsefagarbeidar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter. Stillinga er ledig frå 06.12.2024 og inngår for tida i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Giske omsorgssenter ligg på Valderøya og har to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling, totalt tre avdelingar med 30 plasser. I bygget er også dagsenter, heimebasert omsorg, sentralkjøkkenet, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabiliteringa lokalisert. Personalet ved Giske omsorgssenter har tett samarbeid med desse tenestene. 

Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeider som kan sikre god pasientbehandling og utføre oppgaver etter gjeldande lover og forskrifter, og som også vil bidra aktivt til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Ta gjerne kontakt per telefon om du har spørsmål.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Vanlege oppgåver i bukollektiv med heildøgns pleie-og omsorgstilbod.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
  • God digital kompetanse.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
  • Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbetringsteam.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316
Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535

Arbeidsstad

Valderøya
6050 VALDERØYA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4864009159
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune orgnr: 974619156
Kort om arbeidsgiver Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Webside www.giske.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted VALDERØYA (Adresse: Valderøya Postnr: 6050)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/aa40ca77-e74f-4fcf-ac80-b73800ceea68
IMPORTAPI