Job Description

Published 14-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Helsefagarbeidar- fast stilling i heimetenesta 

Vi søker ein helsefagarbeidar til heimetenesta. Stillinga på 65% er ledig frå dags dato. Arbeid kvar 6. helg med 14 timars vakter, eller 3. kvar helg med 8 timers vakter.

Heimetenesta har godt arbeidsmiljø og ein engasjert gjeng, med god fagleg kompetanse. I heimetenesata har vi blant anna allmennsjukepleiar, fagsjukepleiar, sjukpleiarar og helsefagarbeidarar. I tillegg til ergoterapeut og fysioterapeut, som vi samarbeider tett med. Vi jobbar med velferdsteknologiske løysingar, kvardagsrehabilitering og er gode på fagleg kompetanseheving.

Heimetenesta dekker områda Lomen, Slidre og Røn, samt kommunens hytte- og stølsområder.

Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie og rettleiing
  • Pasientoppfølging 
  • Medikamentadministrasjon
  • Kartlegging og oppfølging 
  • Journalføring
  • Kontakt med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som hjelpepleiar/ helsefagarbeidar 
  • God vurderingskompetanse i forhold til eit klinisk blikk
  • Grunnleggande datakunnskapar for å ta i bruk journalsystem og andre dataprogram som er i bruk
  • Gode norskkunnskapar – muntleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B. Må kunne disponere eigen bil i heimetenesta
  • Gyldig politiattest må leverast 

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga og på tvers av faggrupper
  • Vere fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å skape framdrift åleine, men òg i lag med andre
  • Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
  • Stor arbeidskapasitet
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Arbeid i eit nytt og flott helsetun

Kontaktinformasjon

Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, +47 97592703

Arbeidsstad

Sjukeheimvegen
2966 SLIDRE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 4882411166
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Heimebaserte tenester, Vestre Slidre kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv – både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode – som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Webside http://www.vestre-slidre.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted SLIDRE (Adresse: Sjukeheimvegen Postnr: 2966)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/122bd630-51d8-447f-88f7-fabd81411e91
IMPORTAPI