Helsefagarbeidar fast 1 x 100% og 1 x 80% ved Utneheimen – Ullensvang kommune Utneheimen
Education Research work(12 måneder ago)
Job Description
Published 03-12-2023
Deadline: 18-12-2024
Helsefagarbeidar fast 1 x 100% og 1 x 80% ved Utneheimen
Ledige faste stillingar som helsefagarbeidar 1 x 100 % og 1x 80 %.
Om arbeidsplassen:
Pleie og omsorg vest er ei samordna teneste, det vil seie at personalet kan få oppgåver både på
institusjonen og i heimetenesta.
Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom.
I heimetenesta yter ein tenester til om lag 50 pasienter.
I tillegg har Utneheimen kjøkken og vaskeri.
I Omsorgstenesta vest Utneheimen har me eit godt arbeidsmiljø, med eit fleirkulturelt miljø.
Tenestene me utfører er mange og ulike, så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende
prat.
God opplæring vert gitt.
Arbeidsoppgåver:
– Legemiddelhandtering
– MIljøarbeid
– Utføra helse – og omsorgsoppgåver etter fagleg standard og rettleia anna personale i faglege
og etiske spørsmål .
– Følgje opp eininga sine målsetjingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte
ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
– Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane
– Halde seg fagleg oppdatert
– Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem ( Profil)
– Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
– Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
Ynskte kvalifikasjonar:
● God skriftleg og munnleg norskkunnskap
● Helsfagarbeidar/hjelpepleiar, ufaglærte kan søkje og verta vurderte
Personlege eigenskapar:
– Positiv og godt humør
– Engasjert
– Endringsdyktig
– Gode samarbeidsevner
– Fleksibel
– Punktlig og strukturert
– Førarkort klasse B
Me tilbyr:
● Varierte arbeidsoppgåver
● Lønn etter hovedtariffavtalen
● Løn etter avtale (avhengig av stilling)
● Rekrutteringsavtaler
● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode
permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
● Politiattest
● Godkjend tuberkulinstatus
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO