Helsefagarbeidar – Behandlingshjelpemidler

Health and social care LPN (nurse)

(1 day ago)

  • HAUGESUND
  •  Post Date: 20. November 2024
  •  Expire date: 5. December 2024
Job Description

Published 20-11-2024
Deadline: 05-12-2024

 

Helsefagarbeidar

Behandlingshjelpemidler (BHM) søkjer ein helsefagarbeidar med oppstart 01.01.2025

BHM har ansvar for utstyr og forbruksmateriell som blir brukt i samband med medisinsk behandling hos heimebuande pasientar.
Det vil seie mottak av bestillingar, utlevering av utstyr og forbruksmateriell, og oppfølging av dette i samarbeid med kliniske avdelingar og kommunehelsetenesten.

Vi søkjer ein engasjert og sjølstendig helsefagarbeidar som har kompetanse med medisinsk utstyr, lagerarbeid og reklamasjonsarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Ta retur på medisinsk teknisk utstyr som blir innlevert. Reingjering
  • Reklamasjon på diabetesutstyr
  • Lagerarbeid. Plukking/ pakking av varer og forsendelse, samt varemottak og inn- og utmelding av varer gjennom vårt IT system
  • Arbeidet kan innebera daglege tunge løft
  • Det kan tilkomme andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Må beherska norsk skriftleg og munnleg flytande
  • Førarkort klasse B
  • Kan rutiner for reklamasjonsarbeid av medisinsk teknisk utstyr og forbruksmateriell
  • Kjennskap til aktuelle dataprogram, Medusa, SAP/Libra
  • Kan med mottak og rengjøring av medisinsk teknisk utstyr
  • Kan lagerrutinene på BHM,  plukking/pakking, varemottak og dataregistrering
  • Arbeidserfaring frå behandlingshjelpemidler

Personlege eigenskapar

  • Du kan prioritere rett og arbeide systematisk
  • Serviceinnstilt i ein travel kvardag i stadig endring
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Gode kommunikasjonsevner  og samarbeidsevner
  • Du er fleksibel og løsningsorientert

Vi tilbyr

  • Engasjert arbeidsmiljø i ein avdeling i utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderende (IA) – bedrift
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Runar Gjertsen, Avdelingsleiar, +47 52734650

Arbeidsstad

Raglamyrvegen 11
5536 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4885804709
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Behandlingshjelpemidler orgnr: 974724774
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted HAUGESUND (Adresse: Raglamyrvegen 11 Postnr: 5536)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d36063cb-2052-4168-a3d3-2b1c60a5cbd9
IMPORTAPI