Helsefagarbeidar – Austevoll kommune

Health and social care LPN (nurse)

(14 hours ago)

  • STOREBØ
  •  Post Date: 1. October 2024
  •  Expire date: 27. October 2024
Job Description

Published 01-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Helsefagarbeidar

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie – og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsettfunksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenstaer knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. 

Om stillinga

Miljøarbeidartenesta har ledig 80 % stilling som helsefagarbeidar på natt.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Medisinske oppgaver etter delegasjon
  • Helsefagleg oppfølging
  • Ivaretaking av tenestemottakar i samsvar med utmålte vedtak
  • Forefallende arbeid

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjons som helsefagarbeidar
  • Gyldig politiattest må framleggjast ved tilsetjing
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskaper, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskjeleg
  • Fleksibel, målretta, sjølvstendig og evner å kommunisere godt i møte med tenestemottakarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Gode evner til samarbeid med andre

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka “Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austevoll kommune orgnr: 975304671
Kort om arbeidsgiver

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune Sør-Vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. 

Frå august 2023 vert alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande!  

Kommunen har eit folketal på 5.300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 400 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

Miljøarbeidartenesta yt praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen. Austevoll kommune har ny eining  i Bekkjarvik som vil fungere som avlastningsbustad med tre omsorgsbustader i tilknytning.

Webside https://www.austevoll.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted STOREBØ (Adresse: Lindevika 20 Postnr: 5392)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/086d6fd0-73e2-41fb-9b99-b626639e6f5d
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/263977