Helsefagarbeidar 68% – Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune

Health and social care LPN (nurse)

(3 weeks ago)

  • ØRSKOG
  •  Post Date: 3. November 2024
  •  Expire date: 24. November 2024
Job Description

Published 03-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Helsefagarbeidar 68%

 

Hei, vi treng fleire helsefagarbeidarar og ønsker oss ein ansvarsbevisst kollega. Vi er ei lita avdeling med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.

I distriktet Ørskog, har vi ledig 68 % fast stilling som helsefagarbeidar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg. Med arbeid kvar 2.helg kan stillingsprosenten auke noko. 

Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter.
Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter.  Vi har eit tett samarbeid med Ørskog omsorgssenter.

Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.

I tenesten blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen.

Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, osv.

Ved evt. intern tilsetjing kan andre stillingsprosenter bli ledige.

Tiltreding frå snarast.

Arbeidsoppgåver

  • Behandling og pleie av heimebuande brukarar, både i private heimar og bufellesskap
  • Oppfølging av fagarbeidaroppgåver
  • Samarbeid med øvrig helsepersonell og pårørande
  • Handtere akutte situasjonar
  • Primærkontaktoppgåver
  • Forefallande arbeid i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Det stillas krav om norske språkferdigheter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
  • Førarkort for personbil (manuell gir)
  • Det stillast krav om gyldig politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg)
  • Kan arbeide sjølvstendig og effektivt, både aleine og i team
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Vilje til å stå på
  • Bidra til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for brukarane
  • Du må vere strukturert og løysingsorientert
  • Ha evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Erfaring frå likande arbeid vil vere ein fordel
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing

Vi tilbyr

  • Godt, mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø
  • Eit spanande arbeid med rom for fagleg utvikling
  • Løn etter gjeldande tariff

Kontaktinformasjon

Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, 950 65 938, maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.no
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Steinholtvegen 6
6240 Ørskog

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4880883942
Stillingsprosent: 68%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ØRSKOG (Adresse: Steinholtvegen 6 Postnr: 6240)
Stillingstype Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7eab3c3a-e9e4-4ae9-b96a-d7ff82e76bf3
IMPORTAPI