Helsefagarbeidar 50% fast stilling – Rosendalstunet – Kvinnherad kommune Rosendalstunet
Health and social care Health(12 måneder ago)
Job Description
Published 03-12-2023
Deadline: 18-12-2024
Helsefagarbeidar 50% fast stilling – Rosendalstunet
Vi søkjer helsefagarbeidar i 50% stilling med tilsetjing frå 01.01.24.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 2. helg.
Rosendalstunet er lokalisert i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden, og er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering.
Institusjonen var ny i februar 2018 med 6 avdelingar – 60 plasser fordelt på langtid, dement og korttid/rehabilitering.
Vi kan tilby eit godt fagmiljø innan demensomsorg, i somatisk avdeling og rehabilitering/palliasjon. Og vi har godt tverrfagleg samarbeid med stort fokus på rehabilitering og trening i våre flotte treningslokale.
Personlege eigenskaper
Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
Ha gode evner til kommunikasjon
Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skrivftleg og munnleg
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO