Job Description

Published 16-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Helsefagarbeidar 46 % stilling

Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg!
Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 46 % fast stilling i tunus med primært seinvakter og arbeid kvar 3.helg. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning eller erfaring kan og søkje. Personleg eignaheit vert vektlagd. Om du ikkje oppfyller dei formelle krava i f.t utdanning kan du verte tilsett i engasjement.
Stillinga er ledig frå og med 02.12.2024 eller etter avtale med avdelingsleiar.

Eining Bu- og Rehabilitering yt tillegg til barne -og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsnedsettingar og inkluderar mellom anna fleire buelleskap, dagsenter og  avdeling for psykisk helse og rus.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøarbeid og ivaretaking av tenestemottakarane i samsvar med gjeldande enkeltvedtak
  • Helsefagleg oppfølging og vurdering
  • Omsorgsoppgåver som som personleg stell og pleie
  • Bidra til fagleg kvalitet  tråd med faglege og etiske retningsliner
  • Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar
  • Dokumentasjon i EPJ
  • Forefallande arbeid
  • Legemiddelhandtering
  • Kontakt med pårørande og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning/erfaring
  • Erfaring frå arbeid med målgruppa er ein fordel
  • Du evnar og har vilje til å sette deg inn i gjeldande lovverk for aktuelle område

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med born og unge
  • Du er omsorgsfull og evnar å vere ein trygg og ansvarsfull vaksen
  • Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert 
  • Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du kan arbeide godt sjølvstendig samtidig har du gode samarbeidsevner
  • Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Du held deg fagleg oppdatert
  • God datakunnskap
  • Du er open, lojal og til å stole på
  • God omstillingsevne
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Utviklingsorientert felleskap og kollegastøtte
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

 

Kontaktinformasjon

Elisabeth Velle, avdelingsleiar, 94156291, elisabeth.velle@sykkylven.kommune.no
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4872704072
Stillingsprosent: 46%
Fast
Startdato: 02.12.2024
Søknadsfrist: 03.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune orgnr: 994904248
Kort om arbeidsgiver

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Webside http://www.sykkylven.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted SYKKYLVEN (Adresse: Postnr: 6230)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-12-2024
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e00bb14b-0bb7-4f80-bf2a-3336219bb530
IMPORTAPI