Helsefagarbeidar 2 x 17,37% stilling – Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Construction Andre ingeniører(2 days ago)
Job Description
Published 28-10-2024
Deadline: 03-11-2024
Helsefagarbeidar 2 x 17,37% stilling
Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg!
Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 2 x 17,37% stilling med arbeid kvar 3.helg. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning eller erfaring kan og søkje. Personleg eignaheit vert vektlagd. Om du ikkje oppfyller dei formelle krava i f.t utdanning kan du verte tilsett i engasjement.
Stillinga er ledig per d.d og oppstart vert etter avtale med avdelingsleiar.
Eining Bu- og Rehabilitering yt tillegg til barne -og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsnedsettingar og inkluderar mellom anna fleire buelleskap, dagsenter og avdeling for psykisk helse og rus.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid og ivaretaking av tenestemottakarane i samsvar med gjeldande enkeltvedtak
- Helsefagleg oppfølging og vurdering
- Omsorgsoppgåver som som personleg stell og pleie
- Bidra til fagleg kvalitet tråd med faglege og etiske retningsliner
- Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar
- Dokumentasjon i EPJ
- Forefallande arbeid
- Legemiddelhandtering
- Kontakt med pårørande og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning/erfaring
- Erfaring frå arbeid med målgruppa er ein fordel
- Du evnar og har vilje til å sette deg inn i gjeldande lovverk for aktuelle område
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med born og unge
- Du er omsorgsfull og evnar å vere ein trygg og ansvarsfull vaksen
- Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Du kan arbeide godt sjølvstendig samtidig har du gode samarbeidsevner
- Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Du held deg fagleg oppdatert
- God datakunnskap
- Du er open, lojal og til å stole på
- God omstillingsevne
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Utviklingsorientert felleskap og kollegastøtte
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Velle, avdelingsleiar, 94156291, elisabeth.velle@sykkylven.kommune.no
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene
Arbeidsstad
Haugneset
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4872975567
Stillingsprosent: 17,37%
Fast
Startdato: 02.12.2024
Søknadsfrist: 03.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. |
Webside | http://www.sykkylven.kommune.no/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | SYKKYLVEN (Adresse: Haugneset Postnr: 6230) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-12-2024 |
Søknadsfrist | 03-11-2024 |