Helse og omsorg søker – Aukra kommune Heimetenester

Health and social care Nurse

(2 weeks ago)

  • AUKRA
  •  Post Date: 9. December 2024
  •  Expire date: 7. January 2025
Job Description

Published 09-12-2024
Deadline: 07-01-2025

 

Helse og omsorg søker

Liker du å vere aktiv saman med andre, samtidig som du er løysingsorientert og ikkje er redd for å ta ei utfordring? Då oppfordrar vi deg til å søkje;

Ledig fast 100 % stilling og ledig 100 % vikariat som miljøterapeut innan psykisk helse- og rustenesta i Aukra! 

Aukra kommune ønskjer seg nye medarbeidarar som kan vere med på å vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Den som vert tilsett skal ha tett samarbeid med andre einingar i kommunen og spesialisthelsetenesta. Stillinga som miljøterapeut skal i hovudsak ha ansvar for lavterskeltilbod og tilrettelegge for meistring.  Ein skal  bistå personar med rettleiing i dagleglivets oppgåver som til dømes; helse, søknadar, bustad, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Stillinga inneber tett samhandling med andre tenester. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men ein må pårekna noko arbeid utanfor kjernetid ved behov. Næraste leiar er einingsleiar. 

Om eininga/avdelinga
Stillingane er organisert i tenester for psykisk helse og rus som høyrer til under Tenester for heimebuande. Eininga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, psykisk helse og rus og dagsenter for eldre. Tenesta psykisk helse og rus driv lavterskeltilbod, førebyggande arbeid, miljøarbeid og individuell oppfølging. Tenesta har fire tilsette. Dei bistår ungdom og vaksne med ulike utfordringar. 

Om du har høgskuleutdanning innan helse- eller sosialfag, og har lyst å bidra til utvikling av tenestetilbodet i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du arbeider sjølvstendig, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne.

Vi ønskjer søkjarar med følgande kvalifikasjonar;

3-årig helse-/sosialfagleg utdanning frå høgskole evt. helsefag med solid erfaring frå feltet
Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel
God på observasjon, kommunikasjon og samhandling
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Fleksibel i tenesta og med gjennomføringsevne

Personelg eignaheit vert vektlagt

Kompetanseheving
Tilgang på e-læringskurs

Vi tilbyr

  1. En spennende arbeidsplass med utfordrande oppgåver
  2. Utdanningsstønad til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør i Kompetanseplana
  3. Tilbod om deltaking på kurs
  4. Løn etter avtale/etter gjeldande tariffavtale
  5. Flyttegodtgjersle
  6. Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

 Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Send søknad!
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen “Søk på stilling”. Vi gler oss til å motta din søknad!

Rekrutteringsfilm frå Aukra kommune:

https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aukra kommune Heimetenester orgnr: 974013606
Kort om arbeidsgiver Pleie og omsorg har nytt omsorgssenter som sto ferdig i 2018. Tenester er samlokaliserte i omsorgssenteret med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt, som vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie. Kjøkkenet i omsorgssenteret leverer heimlaga middagar til bebuarar ved sjukeheim og til heimebuande. Eining Helse ligg i nærleiken av Aukra Omsorgssenter og det er etablert eit tett samarbeid mellom fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, avdeling for i psykisk helse, institusjonstenester og heimetenester.

Eininga organiserer heimesjukepleie, praktisk bistand, teneste for psykisk helse og rus, dagsenter for eldre og yngre samt demenskoordinator, kreft- og palliasjonskoordinator og hjelpemiddelansvarleg. Basen til heimesjukepleia ligg i Aukra Omsorgssenter, som sto ferdig bygd i 2018. I omsorgssenteret har heimesjukepleia ansvar for 20 bustadar med heildøgns omsorg.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted AUKRA (Adresse: Omsorgssenteret Postnr: 6480)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/859e23ed-acb0-4e52-a324-07e409ee3db7
IMPORTAPI