Job Description

Published 07-08-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Helse og omsorg – helgevakt og tilkallingsvikarar 2024

Dette er ei fellesannonse for helse- og omsorgssektoren i Sykkylven kommune der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar i kommunen kan melde di interesse.
Aktuelle søkjarar vil bli kontakta ved behov.

Vi ber om at du opplyser i søknaden kva du søkjer på:

Sykkylven omsorgssenter
-Sone 1 og 2
-Institusjon og demens
-Kjøkken

Heimetenestene
-Heimehjelp/ heimesjukepleie dag/kveld
-Korttid/ rehab
-Nattpatrulje

Bu- og  rehabiliteringstenestene
Ulike bustadgrupper:
-Ura
-Klokkerhaugen
-Barne – og avlastingsbustad

Søkjer du på fleire arbeidsområde, ber vi deg sette opp ei prioriteringsliste.
Vi ber deg også opplyse ønskje om arbeidstid/ i kva tidsrom du kan arbeide.

Tilsettingsform og stillingsstorleik vil kunne variere.

Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. helse – og omsorgstenestelova § 5-4.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet består av vanleg pleiefagleg arbeid og ansvar knytt til dei brukarane som har behov for dei ulike tenestene.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer pleiemedarbeidarar, studentar innan pleie, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar, hjelpepleiarar, miljøterapeutar, miljøarbeidarar m.v

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer medarbeidarar som er tolmodig og empatisk og som har stor respekt for brukarne og deira ønskje og behov, anten dei er heimebuande, bur i omsorgsbustad eller på institusjon.

Vi tilbyr

  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk.
  • Løn etter kvalifikasjonar.

Kontaktinformasjon

Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu – og rehabiliteringstenestene, 91 00 96 25, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no
Wenche Oldeide, einingsleiar BUAS og Heimetenestene, 90 11 82 18, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 4739573403
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sykkylven kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Webside http://www.sykkylven.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted SYKKYLVEN (Adresse: Haugneset 16 Postnr: 6230)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/95546a66-f431-4388-b855-408682046c27
IMPORTAPI