Helse, meistring og rehabilitering – Øygarden kommune Helse, meistring og rehabilitering
Health and social care Ergoterapeut(3 days ago)
Job Description
Published 31-12-2024
Deadline: 31-01-2025
Helse, meistring og rehabilitering
Om avdelinga:
Helse, meistring og rehabilitering er ergo- fysioterapitenesta, friskliv og meistring, hjelpemiddellager og terapibasseng. Her arbeider 45 personar med ulik fagbakgrunn, flesteparten er ergoterapeutar eller fysioterapeutar
Alle tilsette jobbar tett med andre faggrupper og avdelingar i kommunen.
Tenesta arbeider med barn, vaksne og eldre med sjukdom og/eller funksjonssvikt, blant anna i heim, barnehage, skule, sjukeheim og i tenesta sine eigne lokal. Tenesta er ofte ein del av eit samansett tenestetilbod, men kan også utøvast som enkelttiltak individuelt eller i gruppe
Denne stillinga jobbar hovudsakleg med vaksne/eldre personar i eigen heim. Det vert også noko oppfølging på institusjon og oppfølging med for barn og unge.
Arbeidsoppgåvene er vurdering, tilrettelegging, og anna oppfølging/trening med aktuelle personar i eigen heim og på ulike institusjonar.
Kontorplassering i Skogsvåg – arbeid hovudsakleg i den søre delen av kommunen. Ein del arbeid vil også vere på Straume terapisenter, som er eininga si hovudlokalitet.
Arbeidsoppgåver:
- Kartlegging, tilrettelegging og oppfølging av personar i eigen heim
- Trening og oppfølging av enkeltpersonar i rehabiliteringsfase
- Hjelpemiddelformidling og bustadtilrettelegging
- Koordinator og arbeid med individuell plan
- Høyrselskontakt
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Bachelor i ergoterapi
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Erfaring med hjelpemiddelformidling
Ønskjeleg med:
- Aktuelle kurs i hjelpemiddelformidling frå Nav hjelpemiddelsentral
- Erfaring frå jobb i kommunehelsetenesta
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide sjølvstendig vert særleg vektlagt
- Evne til å omstille seg raskt, vera fleksibel og ha godt humør
- Rask til å setje seg inn i og forstå tenesta sitt arbeid
- Arbeider effektivt, strukturert og er løysingsorientert
- Personleg eigna
Anna:
Ein må ha førarkort og kunna nytta eigen bil. Ein får bil- og køyregodtgjersle.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar: Silje Merkesvik 915 50 025
Silje.merkesvik@oygarden.kommune.no
Einingsleiar: Liv Møen 55 09 68 55/ 975 40 530
liv.moen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO