Hellandtunet
Hellandtunet søkjer etter ferievikarar for perioden 16.06.25 – 24.08.25. Ferievikariatet har arbeidstid på dag/kveld, natt både aktiv og aktiv/passiv.
Krav til kompetanse
– sjukepleiar/vernepleiar og andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial, eller pedagogiske fag
– helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar
Ufaglærte og studentar er også velkommen til å søkje.
For arbeid innan helse- og omsorg er normalaldersgrensa 18 år, men vi oppmoder dei som fyller 17 år før ferieperioden tek til om å søkje. Innan reinhald kan personar som er fylt 16 år før ferieperioden søkje.
Du må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/B2. Må ha gode kommunikasjonsevne.
Aktuelle tenestestadar for Hellandtunet er
Ivartun
Mariebo
Oppigarden
Arbeidsoppgåver
– ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
– utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk
– ivareta krav i høve dokumentasjon
Vi tilbyr
– godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
– løn etter gjeldande avtaleverk
– vi har rekrutteringsløn til legestudentar og høgskulestudentar innan helse- og sosialfag, fysioterapeut og pedagogiske fag når dei går inn i stillingar/vikariat med arbeidsområde innan pleie- og omsorg.
– gode pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Som søkjar må du setje opp ønskja arbeidsplass etter prioritet. Du må presisere kva ferieperiode du ønskjer å arbeide . Det er ein fordel at søkjarane kan arbeide heile ferieperioden og heiltid. Ferievikariata har arbeid kvar 2. el. 3. helg.
Om du har søkt eller skal søkje ferievikariat i andre einingar i kommunen er det ønskeleg at dette opplysast i prioritert rekkefølge.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor leverast.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver |
Vestnes kommune Hellandtunet orgnr: |
Kort om arbeidsgiver |
Hellandtunet består av tre frittliggande avdelingar; Mariebo og Oppigarden med totalt 16 plassar for personar med demens, og Ivartun som er ein sjukeheim for personar med psykisk utviklingshemming, med 12 plassar. Avdelingane har god fagleg standard og god kvalitet på tenestene.
Avdelingane ligg i idylliske område med kort avstand til sentrum. Ein har også lett tilgang til turområde og diverse aktivitetar. |
Webside |
|
Bransje |
Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke |
Ikke identifiserbare |
Sted |
VESTNES (Adresse: Brugata 10 Postnr: 6390) |
Stillingstype |
Feriejobb Heltid Antall stillinger: 30 |
Sektor |
Offentlig |
Krav |
Norskkunnskaper |
Tiltredelse |
Unknown |
Søknadsfrist |
16-03-2025 |
Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/33972248-6955-4e6a-bfa9-d6857d363766
IMPORTAPI