Helland barnehage – Vestnes kommune Helland barnehage
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(4 days ago)
Job Description
Published 27-11-2024
Deadline: 31-12-2024
Helland barnehage
Stillingstype
Det er behov for ekstraressurs i 100 % stilling i perioden 02.01.25 – 31.07.25, med mulighet om forlenging. Utanning og erfaring innan oppvekst eller helsefag er ønskeleg, men andre søkjarar vil og bli vurdert.
Arbeidsoppgåver
Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som:
– medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
– medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
– medansvar for utviklingsarbeid
– foreldresamarbeid
– vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
– vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa
– praktisk arbeid og tilrettelegging
Kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som er barne- og undomsarbeidar eller helsearbeider Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar
kan ufaglærte verte tilsett.
– må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– må ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
– er aktiv og engasjert
– har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
– har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
– er eit godt språkleg førebilete
– er fleksibel
– er stabil og ansvarsbevisst
– har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
– har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig
Vi tilbyr
– godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
– løn i høve gjeldande avtaleverk
– tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet.
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO