Helland barnehage – Vestnes kommune Helland barnehage

Education Barnehage- og skolefritidsassistenter

(1 month ago)

  • VESTNES
  •  Post Date: 6. August 2024
  •  Expire date: 31. July 2025
Job Description

Published 06-08-2024
Deadline: 31-07-2025

 

Helland barnehage

Vi har behov for fleire dyktige tilkallingsvikarar ved Helland barnehage.

Arbeidsoppgåver
Arbeid i barnehage inneheld oppgåver som:
– medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
– medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
– medansvar for utviklingsarbeid
– foreldresamarbeid
– vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
– vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa
– praktisk arbeid og tilrettelegging

Kvalifikasjonar
Vi søker etter deg som er barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar. Dersom vi ikkje får nok kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte verte tilsett.
– må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– må ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
– er aktiv og engasjert
– har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
– har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
– er eit godt språkleg førebilde
– er fleksibel
– er stabil og ansvarsbevisst
– har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
– har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig

Vi tilbyr
– godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
– løn i høve gjeldande avtaleverk
– tilsette med fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. 
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale fortløpande.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje
mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestnes kommune Helland barnehage orgnr:
Kort om arbeidsgiver Helland barnehage har tilhald på området Myra ved Helland sentrum. Den vart starta opp i 2003 med 3 avdelingar, og har etter kvart vorte utvida til 8 avdelingar fordelt på to bygg. Vi har eit godt fagleg miljø og barnehagelærar i alle stillingane som krev det ,samt fagarbeiderar i dei fleste andre stillingane.
Barnehagen har kort avstand til skog og fjøre som vert mykje nytta. Ved Flatevågen har vi ein eigen utebase med gapahuk og grillplass. Vi gjer oss også nytte av idrettsparken.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted VESTNES (Adresse: Myra 1 Postnr: 6390)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-07-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fa6ff891-8330-4eec-b640-2c4069638275
IMPORTAPI