Helgevakt stillingar Rus- og psykiske helsetenester – Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester
Health and social care Andre helseyrker(1 week ago)
Job Description
Published 02-12-2024
Deadline: 03-01-2025
Helgevakt stillingar Rus- og psykiske helsetenester
Omtale av stillinga
Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter assistent til
2x helgestillingar 20% fast i turnus med arbeid kvar 3.helg.
1x helgestilling 32% fast i turnus med arbeid kvar 2.helg.
Arbeidsstad i Rosendal, ved Borgjo Bufellesskap
Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring.
Kvalifikasjonar
– Erfaringskompetanse innan psykiatri vil vere eit føremon.
– Førarkort klasse B.
Personelge eigenskapar
– Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
– Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
– Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg.
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.
Oppmodar menn til å søkja stillinga.
Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje
skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta
offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje
søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO