Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Helgestillinger ved Skodje omsorgssenter 

Ved Skodje omsorgssenter har vi fleire helgestillingar ledige. Vi oppmodar sjukepleiestudentar til å søkje. 

Turnus med arbeid kvar 3.helg.
Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på fire avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, tre somatiske avdelingar med langtidsplassar, kortidsplassar og avlastning.

Skodje omsorgssenter har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av
pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle kompetansen din hos oss.

Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv.

Arbeidsoppgåver

  • Stell og omsorg for bebuarane, individuelt tilpassa den enkelte brukar
  • Varierte arbeidsoppgåver i nært samarbeid med personalgruppa

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisert helsefagarbeider, sjukepleiestudentar eller pleiemedarbeider. 

Personlege eigenskapar

  • Engasjement og interesse for fagområdet eldreomsorg
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
  • Må kunne kommunisere norsk godt munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • God opplæring og trivelig arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Ein spennande arbeidsplass

Kontaktinformasjon

Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Marianne Brandal, Avdelingsleiar, 917 86 893, marianne.brandal@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Ådalsbakken
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4887478054
Stillingsprosent: 14%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted SKODJE (Adresse: Ådalsbakken Postnr: 6260)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 4
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e89c543d-4ba7-43a3-84b6-fef40a05ed87
IMPORTAPI