Job Description

Published 28-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Helgestillingar ved Elvebøen

Er du interessert i å arbeide med mennesker? Er du under utdanning eller på utkikk etter nye utfordringar ? Sjå her! 

Bu- og miljøtenesta i Stad kommune ved avdeling Elvebøen har behov for fleire tilsette i helgestillingar f.o.m 01.01.2025.

Helgestillingane er faste og på 40 %. Stillingane inkluderer 20% frie timar. 

Helgestillingane som er ledige har langvakter på inntil 14,5 timar.
Det er pr.idag lagt opp med jobb anten kvar 3 helg (langvakt laurdag eller søndag) eller kvar 4 helg (langvakt både laurdag og søndag). Ved utarbeiding av ny årsarbeidsplan vil det være rom for å ønske seg korte vakter i turnus (7t ). 

Stillingar på 40% vil ha vakter også i vekedagane. Ein kan då velje mellom vakter på 7t eller langvakter.

Eininga har tredelt turnus, men for tida er turnusen lagt opp med todelt turnusordning. Eininga har årsturnus.

Elvebøen ligg under tenesta for funksjonshemma og er ei av dei største avdelingane i eininga vår. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte, og samarbeid er ein viktig faktor for arbeidsmiljøet vårt. Avdelinga har heildøgndsdrift. Det overordna målet til tenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av mestring og livskvalitet.

Om du har spørsmål angåande stillinga ta gjerne kontakt for ein prat!

Arbeidsoppgåver

  • Utføre brukarretta oppgåver etter arbeidslister
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinje

Kvalifikasjonar

  • Studentar innan helsefagarbeidarfaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget 
  • Studentar innen helsefag, sosialfag eller pedagogikk på høgskulenivå
  • Ufaglært med gode personlege eigenskapar
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Aktuelle kandidatar bør ha førarkort

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner, høfleg og interessert
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • God opplæring
  • Høve til fagleg utvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga. Stad kommune har seks månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Kontaktinformasjon

Mari Helene Kornberg, Vikarierande avdelingsleiar Elvebøen, 46113154, Mari.Kornberg@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Elvebøen
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4885042399
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bu- og miljøtenesta, Stad kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Webside http://www.stad.kommune.no
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Elvebøen Postnr: 6770)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e60e8741-e052-4e57-8527-c241e6dcb53b
IMPORTAPI