Job Description

Published 26-09-2024
Deadline: 20-10-2024

 

Helgestillingar og tilkallingsvikarar

Spjelkavik omsorgssenter har behov for å tilsette i helgestillingar i deltidsstillingar og knytte til seg tilkallingsvikarar.

Helgestillingar for sjukepleiarar, sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og elevar i desse helsefaga for fast tilsetting. Assistentar og studentar i andre helsefaglege retningar kan og søke og vil ha moglegheit for mellombels tilsetting.
Det er ledige fleire faste helgestillingar i forskjellige stillingsbrøkar frå ca. 11 % til ca. 20 %. Stillingane er lokalisert ved forskjellige sjukeheimsavdelingar, samt i boligar for brukarar med omfattande omsorgsbehov.

Spjelkavik omsorgssenter er ein sjukeheim med 7 avdelingar; Holstoppen korttidsavdeling, Kollen rehabilitering, Mittetstua demensavdeling, Tua psykogeriatrisk avdeling, Lillegjerdet langtidsavdeling, Storegjerdet langtidsavdeling og Rødland langtidsavdeling. Det er totalt 60 plassar på sjukeheimen.

Det vil være løpande tilsetting slik at det vil ikkje bli gitt tilbakemelding til søkare som ikkje blir tilsette.

Arbeidsoppgåver

Helgestillingane deltar i dei daglege pleie og omsorgsoppgåvene, og skal følge dei rutinar og retningslinjar som er fastsatt for avdelingane. Det gis nødvendig opplæring.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller hjelpepleiar/helsefagarbeidar, evt student/elev i desse studieretningane.
  • Ufaglærte eller student/elev i andre helsefag kan søke og evt. få midlertidleg tilsetting.
  • Krav om dokumentert norskkompetanse tilsvarende Nivå B2 på Europarådets nivåskala for språk for fremmedspråklege kanidatar.
  •  Ved tilbod om stilling blir det stilt krav om tilfredsstillande politi- tuberkulin- og MRSA attest.

Personlege eigenskapar

  • Arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidevne.
  • Personleg egnaheit vektleggast.

Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidsplass med varierte og givande arbeidsoppgåvar.
  • Løn og arbeidsvilkår etter tariffavtale.
  • Medlemskap i KLP.

Kontaktinformasjon

Anette Nancy Vinje Andreassen, Avdelingsleder Holstoppen og Kollen, 408 09 821
Kjerstin Holen, Avdelingsleder Rødland og omsorgsleiligheter, 408 09 822
Anne Amri, Avdelingsleder Mittetstua og Tua, 408 09 820
Arnold Saberon, Avdelingsleder Lille-/Storegjerdet, 408 09 823

Arbeidsstad

Olav Sundes veg 2
6018 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4863795823
Stillingsprosent: 12%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Transport og lager
Yrke Logistikk, lagerarbeid og innkjøp
Sted ÅLESUND (Adresse: Olav Sundes veg 2 Postnr: 6018)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 6
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/54565893-3fd4-4670-954e-1d3a7166254e
IMPORTAPI