Helgestillingar – Natt-tenesta i Kvam
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(1 week ago)
Job Description
Published 10-09-2024
Deadline: 30-09-2024
Helgestillingar
Vil du jobba med oss i Natt-tenesta?
Me søkjer helsefagarbeidarar til 2 helgestillingar fra snarast. Begge i fast 25 % stilling og med arbeid kvar 3. helg.
- Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, heimetenesta og til menneske med utviklingshemming.
- Me jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av ulike brukargrupper. Natt -tenesta er organisert i Tenester til heimebuande.
I natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer derfor etter deg som er fleksibel, engasjert og nytenkjande.
Arbeidsoppgåver
Omsorgsoppgåver som stell og pleie i heimen og i heildøgns omsorgsbustad
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn eller erfaring fra pleie og omsorg , men andre kan også søkja
- Du må ha sertifikat klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Kunne arbeida sjølvstendig og i team
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar samen med søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- Tek ansvar og likar ei utfordring
- Har lyst å utvikla deg fagleg
- Lærevillig og engasjert
- Godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Viser empati, respekt og omsorg
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
- Gode mogelegheiter for fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Ioana Hauge, Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam, +47 481 45 217
Arbeidsstad
Nedre Norheim 44
5600 NORHEIMSUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 4855327177
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Natt-tenesta i Kvam orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Oppdag Kvam – framtida er her! Naturopplevingar og aktivitetar Ein kommune for framtida Eit variert næringsliv Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir |
Webside | http://www.kvam.kommune.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | NORHEIMSUND (Adresse: Nedre Norheim 44 Postnr: 5600) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-09-2024 |