Helgestillingar – Bufellesskap Øystese 

Health and social care Miljøarbeidere

(2 days ago)

  • ØYSTESE
  •  Post Date: 18. September 2024
  •  Expire date: 13. October 2024
Job Description

Published 18-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Helgestillingar

Vil du ha ei helgestilling med meining?

Me ynskjer deg som er engasjert, har overskot, og likar tanken på å arbeida med og for menneske.

  • Arbeidstida er på helg. Du kan velja mellom 2. kvar eller 3. kvar helg. Turnusen er todelt, altså du varierer mellom å jobba dagvakt og kveldsvakt.
  • Ei helgestilling kan vera aktuelt for deg som har tid til overs og vil ha ei gjevande deltidsstilling
  • Har du tanker om å starta utdanning innen helse- eller omsorgsfag, kan ei slik stilling gje deg nyttige erfaringer med på vegen

Me ønskjer å bidra til at tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet, ha gode relasjonar til dei rundt seg og ta del i meiningsfullt arbeid og aktivitet.
Me har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Bufellesskap Øystese gjev teneste til personar i 5 ulike bufellesskap: Grope, Gropaflaten, Utsikten, Stoppelsgjerd og Bergtun.

Ta kontakt med oss i dag og få meir informasjon om helgestillingane. Velkomen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid
  • Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
  • Ta del i dagleg drift av bufellesskapa og heimetenester til menneske med utviklingshemming
  • Legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Vilje og interessa for å arbeida med målretta miljøarbeid
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig og i grupper
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
  • Du må vera fylt 18 år

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

Du er/har:

  • Lærevillig og engasjert
  • Gode relasjons- og kommunikasjonsevner
  • Tålmodig og god på samarbeid
  • Gode haldningar og er ein god lagspelar

Vi tilbyr

  • Ein variert jobb i lag med erfarne og kjekke kollegaer
  • Du får god opplæring
  • Lærerik og nyttig arbeidspraksis
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Ester Hauger, Leiar bufellesskap, +47 906 41 401

Arbeidsstad

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4859607645
Stillingsprosent: 16%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 13.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bufellesskap Øystese  orgnr: 973953567
Kort om arbeidsgiver

Oppdag Kvam – framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam – i hjarta av Hardanger! Les meir

Webside http://www.kvam.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted ØYSTESE (Adresse: Postnr: 5610)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-11-2024
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/5aa3620b-2cfe-4a05-8e91-c85378cd9fe2
IMPORTAPI