Helgestillingar 13,85 % fast – Suldal kommune Suldal sjukeheim
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(2 days ago)
Job Description
Published 05-11-2024
Deadline: 20-11-2024
Helgestillingar 13,85 % fast
Suldal sjukeheim har for tida 32 plasser fordelt på korttids og langtidsavdeling. Hos oss møter du dyktige engasjerte medarbeidarar.
Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme, me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet. Du vil få ein unik moglegheit til å vera med på å påverka og vidareutvikla den nye sjukeheimen. Den vil ligge på Sand, som er kommunesenteret i Suldal, og stå klar for innflytting mai 2025.
Sjukeheimen har årsturnus.
Er du engasjert, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben så er det gjerene deg me søkjer.
Om stillinga
Sudal sjukeheim har ledig to helgestillingar.
- Stillingsstorleik: 13,85 %
- Stillingstype: fast
- Stilling ledig frå etter avtale
Arbeidsoppgåver
- Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen
- Stillinga er i turnus, med arbeid 2 av 6 helger.
Krav til kompetanse
- Ønskelig med førearkort klasse B
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
- Ønskjer deg som er fylt 18 år. Stillinga er opna opp for deg som er under 18 år og går helsefag på vidaregåande skule
Kvalifikasjonar
- Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Hjå oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltreding. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du kontakte kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO