Helgestilling ved Nordliheimen – Austrheim kommune

Health and social care Health

(9 måneder ago)

  • AUSTRHEIM
  •  Post Date: 25. April 2024
  •  Expire date: 9. January 2025
Job Description

Published 25-04-2024
Deadline: Unknown

 

Helgestilling ved Nordliheimen

Vi har ledige helgestillingar med arbeid kvar 4 helg

Har du lyst til å arbeide som helsefagarbeidar eller pleiemedhjelpar ved Nordliheimen sjukeheim?  Me har ledig helgestilling med langvakter 12,5 timar/døgn kvar 4 helg, 17-25% fast stillilng. 

Nordliheimen er ein kommunal sjukeheim med 28 døgnplassar, fordelt på langtids – og korttidsplassar, med ei skjerma eining for bebuarar som lever med demens og rom til ØHD. Her finn du ein gjevande arbeidsplass med faglege utfordringar, i eit godt læringsmiljø. Som helsefagarbeidar ved Nordliheimen blir du del av eit tverrfagleg team, som er opptatt av kvalitet og fagutvikling. Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra som eit ledd i helse -og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring.

Arbeidsoppgaver

  • Pasientretta arbeid knytt til pleie og omsorgsoppgåver til pasientar på Nordliheimen sjukeheim
  • Samarbeide med pasient og pårørande.
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
  • Vidareutvikle digitalisering av tenestene og utvikling av velferdsteknologi i kommunen

Kvalifikasjonskrav

  • Norsk godkjent autorisasjon som helsefagarbeidar, men ufaglærte er også velkomne til å søkje.
  • Interesse for arbeid med eldre og pleietrengande
  • Du må meistre digitale løysingar og ha evne til å lære nye dataprogram ved behov
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Ynskjeleg at du er over 18 år
  • Gyldig politiattest

Vi tilbyr

  • Nytilsettopplæring og oppfølging
  • Ein arbeidsplass med fokus på fagutvikling i eit lærerikt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
  • Konkurransedyktig løn
  • God pensjonsordning 

Spørsmål om stillingen

  • Anne Berge Brattetaule, einingsleiar 56 16 20 40/ 945 06 752

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Austrheim kommune orgnr: 987550600
Kort om arbeidsgiver

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.

Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn! 

 

Webside https://www.austrheim.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helse
Sted AUSTRHEIM (Adresse: Sætremarka 2 Postnr: 5943)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist Unknown


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/81f48493-1303-4efd-a4d1-3f7ef41349a3
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/262035