Job Description

Published 26-08-2024
Deadline: 29-09-2024

 

Helgestilling på Sveio Omsorgssenter

Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter.

Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.

Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yta fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.

Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.

Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.

Arbeidsoppgåver

· Stell og pleie

· Måltidssituasjonar

· Dokumentasjon og rapportering

· Andre førefallande oppgåver

· Sjølvstendige oppgåver, men og tverrfagleg samarbeid

· Bidra til et positivt arbeidsmiljø

· Bygge gode og hensiktsmessige relasjonar til pasientar og pårørande

Kvalifikasjonar

• Autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiarstudentar. Andre kan og søkje.

• Personlege eigenskapar

• Tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk

Personlege eigenskapar

• Er fleksibel og løysingsorientert

• Initiativrik

• Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig

• Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus

• Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

• Årsturnus 

• Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø

• Gode høve for fagleg og personleg utvikling

• Faste sosiale arrangement 

• God offentleg pensjonsordning 

• Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Espen Skråmestø, Avdelingsleiar Administrasjon, 99502629, Espen.Skramesto@sveio.kommune.no
Camilla Selbak, Einingsleiar Pleie- og omsorg, 95154037, camilla.selbak@sveio.kommune.no

Arbeidsstad

Løkjavegen 35
5550 Sveio

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sveio kommune

Referansenr.: 4851797109
Stillingsprosent: 17%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eining Pleie- og omsorg, Sveio kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Webside http://www.sveio.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted SVEIO (Adresse: Løkjavegen 35 Postnr: 5550)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/81ad6a62-ce98-427b-95c3-d0de4f314e5d
IMPORTAPI