Helgestilling Myklebusttunet – Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(3 weeks ago)
Job Description
Published 02-01-2025
Deadline: 31-01-2025
Helgestilling Myklebusttunet
“Saman blir vi sterkare”. Er du vår nye kollega på helg?
Vår kollega går over i anna stilling i tenesta og vi har difor ledig fast helgestilling med arbeid kvar 4. helg. I ei helgestilling hjå oss arbeider du per tid fredag kl. 14:45 – 22:30, laurdag og søndag kl. 09:00 – 19:00.
Miljøarbeidertenesta yter i dag teneste til omlag 60 brukarar med utviklingshemming og psykiske lidingar. Vi har ca. 63 årsverk fordelt på sju avdelingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Avdeling Myklebusttunet med uteteam yter primært teneste til vaksne personar med utviklingshemming i eigen heim. Vi bistår til dømes brukarane våre med å meistre gjeremål i kvardagen, praktiske gjeremål i heimen, personleg stell og helseoppfølging. I ei helgestilling hjå oss vil du få opplæring og arbeide brukarnært etter etablerte arbeidslister og tiltak.
Overordna mål i tenesta er å levere teneste som bidreg til at brukarane får leve gode liv i tråd meg eigne føresetnadar, ynskje og behov. Vi er difor på utkikk etter deg som har engasjement for brukargruppa, likar utfordringar, varierte arbeidsoppgåver og kan bidra aktivt inn i teamet slik at brukarane får eit godt og forsvarleg tilbod.
Arbeidsoppgåver
- Utføre oppgåver innan pleie og omsorg ut frå arbeidslister, opplæring og kompetanse
- Praktisk bistand til brukarar for å meistre gjeremål i kvardagen og praktiske gjeremål i heimen
- Miljøarbeid i og utanfor heimen
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning, kan søkarar med kunnskap og interesse for arbeid med mennesker med ulike hjelpebehov vere aktuelle.
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggjande IKT kompetanse
- Det er ynskjeleg med erfaring frå liknande arbeid
Personlege eigenskapar
- God evne til omsorg, kommunikasjon og er flink til å bygge relasjonar
- Trygg i rolla, tek initiativ og kan arbeide sjølvstendig
- Fleksibel, likar utfordringar og varierete arbeidsoppgåver
- Evne til å skaffe seg oversikt og følge opp etablerte tiltak
- Viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit
Personleg eignaheit vil bli vektlagd i stor grad.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer
- Opplæring og rettleiing på arbeidsstaden og via kurs som sikrer at du har den kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvane dine
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Kristine Eide Ryssdal, Avdelingsleiar Myklebusttunet, Nordåsen og Bustad, +47 911 39 159
Synnøve Marie Hestenes, Tenesteleiar Miljøarbeidartenesta, +47 930 18 186
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4897958616
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet. |
Webside | http://www.gloppen.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-01-2025 |