Job Description
Published 10-11-2024
Deadline: Unknown
Helgestilling Masfjorden sjukeheim
Om stillinga
Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland i Masfjorden, og har 32 sengeplassar. Me har ledige helgestillingar med arbeid kvar 2. eller 3.helg. Stillingsstorleik på 14-20% avhengig av kor ofte du jobber helg. Arbeidstida er laurdagar og sundagar på dag- og/eller kveldsvakt.
Me ser etter deg som
- Har helsefagleg utdanning, eller
- Er elev/student og ønskjer helgestilling, eller
- Ikkje har utdanning, men erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim
Du må
- Vere påliteleg, arbeidssom og sjølvstendig i ditt arbeid
- Vere fleksibel og kunne samhandle godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Snakke og forstå norsk godt (har du eit anna morsmål enn norsk er kravet B1)
Me tilbyr
- Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer
- Ein arbeidsplass der du får utvikle gode haldningar til arbeidet
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket
Søknad og tilsetjing
Me har ikkje søknadsfrist, og vurderer søkjarane fortløpande etterkvart som søknadene kjem inn.
Slik søkjer du
Trykk knappen “send søknad”. Dess meir du fyller ut, dess betre vert søknaden sjåande ut i søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med personalavdelinga.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Masfjorden kommune orgnr: 983644872 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Masfjorden kommune ligg midt i Vestland fylke og grensar til kommunane Gulen og Høyanger i nord ogkommunane Modalen og Alver i sør. Administrasjonen i Masfjorden kommune er lokalisert i kommunehuset på Sandnes. Kommunen er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Kulturlivet er allsidig med svært aktive lag og organisasjonar |
Webside | https://www.masfjorden.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | HOSTELAND (Adresse: Hosteland Postnr: 5986) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | Unknown |