Helgestilling i turnus – Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Health and social care Miljøarbeidere

(17 hours ago)

  •  Post Date: 19. September 2024
  •  Expire date: 3. October 2024
Job Description

Published 19-09-2024
Deadline: 03-10-2024

 

Helgestilling i turnus

Søfteland bufellesskap er eit nytt bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune og har frå snarast ledig helgestillling.

– omlag  23 % stilling. Stillinga er i turnus på helg med arbeid kvar 4. helg  (m/langvakter laurdag og søndag).

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år.Tenestene består av 9 bufellesskap, ambulerande miljøtenester og 2 dagsenter.

Søfteland bufellesskap ligg flott plassert i etablert bustadområde på Søfteland ca 10 min frå Os sentrum, og skal gje tenester til 6 unge tenestemottakarar.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har helsefagleg utdanning, men studenter under helsefagleg utdanning eller andre med relevant arbeidserfaring, er også ønskjeleg. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.

Det vert lagt vekt på kjennskap til brukargruppa og personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

 Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. 

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester orgnr: 933793214
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/501d5e0f-2ef0-4fcf-acfb-5ec8ae0f5f20
IMPORTAPI