Job Description

Published 08-01-2025
Deadline: 23-01-2025

 

Helgestilling

Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Torsneset Bufellesskap, har ledig 19% fast helgestilling i turnus.

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjer tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap, og 2 dagsenter.
Torsneset bufellesskap er eit bufellesskap for vaksne, med 7 tenestemottakarar med ulike behov for oppfølging. Avdelinga ligg sentralt lokalisert i Eikelandsosen.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. “Kva er viktig for deg”, skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter)

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har autorisasjon helsefagarbeidar. Studentar innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning, vil  ôg bli vurderte. Det er ønskeleg at du har erfaring med arbeid med personar med nedsett funksjonsevne
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. 
Sertifikat, bil kl. B.

Utlands utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester orgnr: 973958100
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7539dc75-302f-4a08-a867-d7c878e592ea
IMPORTAPI