Helgestilling – Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Health and social care Andre helseyrker(1 day ago)
Job Description
Published 08-01-2025
Deadline: 23-01-2025
Helgestilling
Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Idrettsvegen bufellesskap, har ledig fast helgestilling i turnus;
13 % stilling på helg, f.t arbeidshelg kvar 3. helg (vakter lør-/søndag)
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til born, unge og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar.
Idrettsvegen bufellesskap, er eit av 9 bufellesskap i eininga, og ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 10 personar (vaksne) med ulike bistandsbehov.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god
livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. “Kva er viktig for deg”, skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand
vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi særleg å rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk
utdanning.
Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært,
men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt ønskjer å ta ei relevant utdanning.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege
kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utlands utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
– Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
– Løn etter gjeldande avtalar. Studentavlønning for relevant utdanning
– Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO