Job Description

Published 01-01-2025
Deadline: 19-01-2025

 

Helgeavløysar – helse og omsorg

Vi har ledige stillingar som helgeavløysarar innan helse og omsorg:

  • Høyanger sjukeheim
  • Open omsorg Lavik og Sørsida (heimesjukepleien)
  • Bu- og miljøtenesta Lavik

Oppgje i søknaden kva eining du søkjer.

Vi ønskjer søkjarar som:

  • har utdanning som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar/hjelpepleiar. Eventuelt i utdanningsløp innan helsefag og/eller erfaring frå liknande arbeid.
  • behersker norsk muntleg og skriftleg.
  • har evne til å jobbe sjølvstendig, på lag med andre og er fleksibel
  • søkjarar til heimesjukepleie må ha førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir)

Løn etter gjeldande tariff. Helsefagarbeidar/vernepleiar/sjukepleiar startar på 8 års ansiennitet og 15 000,- ekstra ved 16 års ansiennitet.

Sjukepleiar/vernepleiarstudentar har høgare avlønning.

Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høyanger kommune Tenesteområde helse og omsorg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Høyanger kommune er ein langstrakt kommune som ligg på begge sider av Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen og vakker natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4000 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode oppvekstvilkår med gode skule- og barnehagetilbod samt variert fritidstilbod innan idrett og musikk. Vi har gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted HØYANGER (Adresse: Storgata Postnr: 6993)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/908b9b6f-768c-41c5-9c6e-d4e1bbc1ab09
IMPORTAPI