Heimetenesta – Øygarden kommune Heimetenesta

Health and social care Hjemmehjelper og personlig assistent

(1 week ago)

  • SKOGSVÅG
  •  Post Date: 24. November 2024
  •  Expire date: 8. December 2024
Job Description

Published 24-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Heimetenesta

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske avdelingar. Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent helsefagarbeidar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

Det vert no lyst ut etter 60% stilling fast for heimehjelp i heimetenesta. Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig.

Arbeidsoppgåver:

  • Utføring av reinhaldsoppgåver i brukar sin heim
  • Arbeid på helg i heimesjukepleien

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Ønskjeleg med fagbrev innan reinhald
  • Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Førarkort for bil
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i heimetenesta eller arbeid med eldre
  • Krav om framlegg av politiattest

Personlege eigenskapar:

  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • 60% fast stilling der 20% ligg i timebank.
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Ass. Einingsleiar Kate S Løland  950 71 12

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald og at våre tilsette skal visrfolkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Heimetenesta orgnr: 973958828
Kort om arbeidsgiver Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Hjemmehjelper og personlig assistent
Sted SKOGSVÅG (Adresse: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1 Postnr: 5382)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7ec70f17-2eff-42cc-89ab-174b955acf37
IMPORTAPI