Hardanger fartøyvernsenter søkjer trebåtbyggjar – Hardanger Fartøyvernsenter
Håndverkere Tømrer og snekker(2 weeks ago)
Job Description
Published 23-04-2025
Deadline: 11-05-2025
Hardanger fartøyvernsenter søkjer trebåtbyggjar
Vi har ledig fast 100 % stilling som
TREBÅTBYGGJAR
Arbeidsområde:
-
Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna og freda tre- og stålfartøy.
-
Instruksjon av lærlingar
Den ideelle kandidaten har:
- Fagbrev som trebåtbyggjar.
- Teknisk forståing for korleis eit fartøy er bygd.
- Kunnskap om historiske fartøy og maritim kulturhistorie.
- Gode norsk kunnskapar.
Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, møbelsnikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon.
Stillinga inneber noko reiseverksemd, då me har oppdrag i heile landet.
Personlege eigenskapar:
Du er ryddig, engasjert og omgjengeleg og meistrar å arbeide effektivt. Du er lagspelar som er oppteken av positivt arbeidsmiljø og HMT. Du set høge krav til kvalitet, og har interesse og erfaring med antikvarisk istandsetting,
Vi tilbyr:
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar
Hardanger og Voss museum er opptekne av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar for fartøyvern
**Søknad sendast til personal@hvm.museum.no innan 11. mai 2025 **
DIVERSE INFO