Hardanger fartøyvernsenter søkjer trebåtbyggjar – Hardanger Fartøyvernsenter
Carpenters Tømrer og snekker(6 hours ago)
Job Description
Published 09-10-2024
Deadline: Snarest
Hardanger fartøyvernsenter søkjer trebåtbyggjar
Vi har ledig fast 100 % stilling som
TREBÅTBYGGJAR
Arbeidsområde:
-
Skipstømring, innreiing m.m. i samband med istandsetjing av verna og freda tre- og stålfartøy.
-
Instruksjon av lærlingar
Kvalifikasjonar:
-
Fagbrev som trebåtbyggjar. Annan relevant bakgrunn (t.d. tømrar, møbelsnikkar) kan vera aktuell kvalifikasjon.
-
Erfaring frå / interesse for kulturminnevern og handverk.
Løn etter avtale.
Tilsetjing snarast.
Vi kan tilby:
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved eit aktivt nasjonalt fartøyvernsenter som vektlegg formidling og tverrfagleg arbeid. Noko reising må du rekne med då vi tar oppdrag over det meste av landet.
Søknad med cv og relevante vitnemål, attestar og referansar kan sendast til: personal@hvm.museum.no innan 23.10.2024
Spørsmål i høve stillinga kan rettast til Morten Hesthammer, tlf. 47 48 82 95.
Sjå og nettstaden www.fartoyvern.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Hardanger Fartøyvernsenter orgnr: 972171514 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) er ei allsidig verksemd som driv med restaurering av verneverdige fartøy, museum, vern og vidareføring av gamle handverk, fagopplæring, maritim leirskule og reiseliv. HFS er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter. HFS eig og driv hardangerjakta Mathilde. HFS er lokalisert i Norheimsund og har omkring 40 medarbeidarar. |
Webside | https://www.hardangerogvossmuseum.no |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Tømrer og snekker |
Sted | NORHEIMSUND (Adresse: Sandvenvegen 56B Postnr: 5600) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |