Job Description

Published 01-07-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Har du tid til overs og kan tenkje deg å prøve å jobbe innan helse og omsorg? Søk som tilkallings- og/eller helgevikar hjå oss!

Helse- og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, og vi treng stadig dyktige kollegaer som kan bistå med tenestene til brukarane våre. 

Kvalifiserte søkjarar vert kontakta og tilsett fortløpande. 

 

Vi treng stadig vikarar i helgestillingar og stillingar som  tilkallingsvikar ved:

  • heimetenesta
  • bu- og miljøteesta
  • sjukeheimen
  • institusjonskjøkkenet
  • reinhald/praktisk bistand og vaskeri.

Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva eining du ønskjer å jobbe på, evt. om fleire eller alle er av interesse. 

Arbeidsoppgåver ved sjukeheimen, bu- og miljøtenesta og heimetenesta:

  • Delta i pleie, omsorg- og aktivitetstiltak til pasientar og bebuarar med utgangspunkt i “kva er viktigfor deg?”
  • Tilbereding av måltid og arbeide for god ernæring
  • Administrasjon av medikament etter kompetanse
  • Målretta miljøarbeid
  • Bistand til daglege gjeremål
  • Motivere til aktivitet, trening og sosialisering 
  • Dokumentere og rapportere
  • Medverke til god informasjonsflyt
  • Arbeidstid etter 35,5 t/veke og helg

 Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve

 

Arbeidsoppgåver ved institusjonskjøkkenet:

  • Produksjon av varm og kald mat
  • Oppvask og reinhald av kjøkkenet
  • Varemottak
  • Arbeidstid etter 35,5 t/veke og helg

 

Arbeidsoppgåver ved reinhald, praktisk bistand og vaskeri:

  • Dagleg reinhald ved sjukeheimen og omsorgsbustadar
  • Hjelp til reinhald og praktisk bistand i tenestemottakar sin heim
  • Arbeid kvardagar på dagtid etter 37,5 t/v

 

Vi søker deg som

  • Er fylt 16 år
  • Har fagbrev eller er under utdanning innan helse og omsorg
  • Har fagbrev eller er under utdanning innan kokkefaget
  • Student ved helse- og velferdsutdanning
  • Ynskjer å vere assistent innan pleie, kokkefag, reinhald og vaskeri
  • Omsorgsfull, respektfull og opptatt av kva som er viktig for pasient, brukar og pårørande
  • God til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Fleksibel og god til å samarbeide
  • Søkarar til heimetenesta og bu- og miljøtenesta må ha førarkort og kunne disponere bil
  • Det er krav om framlagd politiattest før oppstart

Vi oppmodar og aktive pensjonistar som kan tenkje seg å jobbe litt av og til, til å søkje. 

 

Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Fagarbeidarar får eiit lokalt tillegg på kr. 10 000 over garantiløn
  • Tilsette ved reinhald, praktisk bistand og vaskeri får kr. 8000.- over garantiløn
  • Tilsette ved kjøkkenet får kr. 10 000.- over garantiløn
  • Eigen lønsstige for studentar
  • Pensjonistar vert tilsett på pensjonistvilkår. 

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Askvoll kommune Bu- og miljøtenesta orgnr:
Kort om arbeidsgiver Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.
Webside
Bransje Transport og lager
Yrke Logistikk, lagerarbeid og innkjøp
Sted ASKVOLL (Adresse: Askvollheimen Postnr: 6980)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 15
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f9a0f7f0-3ce6-4f2d-9389-b3bf2108cf50
IMPORTAPI