Job Description

Published 09-03-2025
Deadline: 30-03-2025

Har du lyst til å bli lærar på Tomrefjord skule?

Stillingstype
Det er ledig ei fast undervisningsstilling i inntil 100% ved Tomrefjord skule frå 01.08.2025. Stillinga er i hovudsak tenkt plassert på barneskulen (primært i 1.-4.klasse), der kontaktlærar er ein naturleg tilleggsfunksjon i stillinga. Andre funksjonar kan vere aktuelle gjennom ei intern utlysing i forkant av det nye skuleåret (t.d.teamleiar). 
Utover våren kan det bli ledige lærarstillingar ved skulen som følgje av oppseiingar og/eller permisjonar. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver
– undervisning og rettleiing av elevar
– vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
– motivere elevane til innsats for eiga læring
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
– samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
– rettleie elevar fagleg og sosialt

Kvalifikasjonar
– Følgande fag er av særleg interesse: norsk og/eller matematikk (spesielt byrjaropplæring), uteskule/tverrfagleg undervisningskompetanse. 
– andre fagområde kan også vere aktuelle
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– ha god kommunikasjonsevne
– digital kompetanse
– bidra til teamutvikling
– engasjert og fagleg dyktig
– det blir stilt krav om politiattest
– det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning
– personlege eigenskapar og erfaring med byrjaropplæring vil og bli vektlagt 

Personlege eigenskapar
– kan jobbe sjølvstendig og strukturert
– er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
– kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
– har god kompetanse og erfaring med klasseleiing
– opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er løysingsfokusert og utviklingsorientert
– er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
– kan jobbe tverrfagleg 

Vi tilbyr
– eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
– ein arbeidsplass med fokus på utvikling
– løn i høve gjeldande avtaleverk
– eit funksjonstillegg på 40.000kr/årleg for kontaktlærarar
– ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestnes kommune Tomrefjord skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Tomrefjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 215 elevar. Skulen ligg fint til mellom fjord og fjell, og disponerer område med gapahuk ved sjøen. Naturen blir brukt aktivt i undervisninga. Rett ved skulen ligg også nyrenovert idrettshall med tilhøyrande svømmebasseng.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted TOMREFJORD (Adresse: Lidvegen 14 Postnr: 6393)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/eec00553-2e7e-4d72-945c-df2ec03b34e1
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31