Job Description

Published 26-12-2024
Deadline: 31-01-2025

 

Har du lyst å vere ferievikar på institusjonane i sommar?

I tidsrommet 23.juni – 7.8.25 kan vi tilby inntil 100%, som ferievikar i tenesteområdet Omsorg og Sjukeheim; Ørstaheimen, Hjørundfjordheimen og Vartdal Helsetun.

Vi treng både sjukepleiarar, vernepleiarar, fagarbeidarar, studentar, ufaglærte og pensjonistar! Tilsetting vert gjort fortløpande.

Vi ber deg skrive litt om deg sjølv i søknaden, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte. 

Omsorg og Sjukeheim er omfatta av desse sjukeheimane og avdelingar:

Ørstaheimen: Solkroken, Vallastova, Bakketun, Kortidsavdelinga og Hagestova- dagavdeling for demente. 

Hjørundfjordheimen: Sjukeheim, bufellesskap, heimebasert omsorg og praktisk bistand.

Vartdal Helsetun: Sjukeheim, bufellesskap, heimebasertomsorg og praktisk bistand.

Tenesteområdet omsorg og sjukeheim yter tenester til menneske som har behov for hjelp og støtte på grunn av sjukdom, alderdom og funksjonsnedsetting. Dette inkluderer blant anna hjelp til egenmestring, medisinsk behandling, hjelp til daglege aktivitetar, samt sosial og psykososial støtte. Måler er å sikre at dei som bur på sjukeheim og i eigen heim, får ein trygg og verdig kvardag med tilpassa aktivitet, støtte til egenmestring, pleie og omsorg som møter deira individuelle behov.  Tenestene kan omfatte rehabilitering, fysisk aktivitet, pleie, omsorg og andre tiltak som fremjar livskvalitet og velvære.

Hjå omsorg og sjukeheim får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike behov og som likar å jobbe med varierte oppgåver i team og sjølvstendig.

Sjukeheimsavdelingane og bufellesskapa har døgndrift gjennom heile veka, arbeid på helg skal samsvare med behovet på avdelinga i og heimebasert omsorg. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du vil kunne få moglegheit til å gå langvakter på helg. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt. 

Tenesteområdet gir rom for fagleg utvikling og utfordringar i arbeidskvardagen. Tenesta har eit stort fokus på fag og den enkelte brukar si utvikling og behov. Vi søkjer etter deg som kan vere med å bidra inn i eit godt fag- og arbeidsmiljø, har godt humør og ståpåvilje. 

Arbeidsoppgåver

  • Vi søkjer etter ferievikarar retta mot pleie ved sjukeheimsavdelingane ved Ørstaheimen, sjukeheimsavdelingane, bufellesskapa og heimebasert omsorg ved Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen
  •  Følgje og oppretthalde rutiner knytt til avdelinga og den enkelte tenestemottakar sine tenester og behov

Kvalifikasjonar

  • Vi treng både sjuke-/vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som har interesse for og evne til å arbeide i institusjonstenesta
  • Ynskje om at du har relevant praksis / erfaring
  • Søkjar må meistre norsk både skriftleg og munnleg
  • Det vert stilt krav om politiattest for alle som jobbar i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Personlege eigenskapar

Våre ferievikarar må:

  • Ha interesse av å arbeide med mennesker i ulike fasar i livet
  • Kunne ta ansvar, vere løysingsorientert og fleksibel
  • Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
  • Vere ansvarsbevisst,fleksibel og like utfordringar
  • Vere engasjert, strukturert og bidra til eit positivt fellesskap
  • Ha ynskje om å bida til å gi eit godt tilbod til bebuarane våre

Vi tilbyr

Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar!  Du møter mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.

Kommunen har gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP  for dei tilsette.

Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.

Informasjon til søkjaren:
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad. 
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte

Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.

Ørsta kommune tilbyr følgande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag*:

  • Sjukepleie- og vernepleiestudent utan autorisasjon ferdig med 1.år (60 stp.) – 85% av løn høgskuleutdanna
  • Sjukepleie- og vernepleiestudent utan autorisasjon ferdig med 2.året (120 stp) – 90% av løn høgskuleutdanna
  • Sjukepleie- og vernepleiestudent utan autorisasjon ferdig med 3.året (180 stp) – 95% av løn høgskuleutdanna
  • Anna relevant høgskuleutdanning fullført 60 stp. – utgangspunkt ass.løn utan ans. + tillegg kr 7 000
  • Anna relevant høgskuleutdanning fullført 120 stp. -utgangspunkt ass.løn utan ans. + tillegg kr 14 000
  • Anna relevant høgskuleutdanning fullført 180 stp. – Løn tilsvarande fagarbeidar (+ evt ansiennitet) 

Kontaktinformasjon

Sara Vartdal Vinjevoll, Avdelingsleiar Vartdal Helsetun, 900 35 366, sara.vartdal.vinjevoll@orsta.kommune.no
Nina Måseidvåg, Avdelingsleiar Hjørundfjordheimen, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
Ingrid Mork, Avdelingsleiar Solkroken Ørstaheimen, 479 06 593, ingrid.mork@orsta.kommune.no
Arja Hietanen, Avd.leiar Bakketun Ørstaheimen, 481 23 801, arja.helena.hietanen@orsta.kommune.no
Lisa Mari Korsfur Silseth, Avdelingsleiar Vallastova Ørstaheimen, 481 13 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Marit Steinnes, Avdelingsleiar Kortidsavdelinga Ørstaheimen, 414 51 296, marit.steinnes@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 6
6153 ØRSTA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4895328956
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 31.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver


Ørsta
kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Webside https://www.orsta.kommune.no/arbeid/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ØRSTA (Adresse: Dalevegen 6 Postnr: 6153)
Stillingstype Sesong Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 23-06-2025
Søknadsfrist 31-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/730fb3f2-cc15-4a9a-9742-e517051da858
IMPORTAPI