Job Description
Published 29-10-2024
Deadline: 17-11-2024
Grunnskolelærar
Grunnskulelærar 1-7
Det er ledig inntil 4 stillingar som grunnskulelærar (vikariat) med moglegheit for omgjering til fast. Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillingar.
Spjelkavik barneskole er ein forsterka skule for døve og høyrslehemma elevar. Skuleåret 2024-25 har skulen ca. 600 elevar fordelt på 1.-7.trinn, ca. 180 born i SFO for 1.-4., og ca. 90 tilsette.
Vi ligg i eit naturvakkert område i indre bydel med korte avstandar til både fjell og sjø. Her er god offentleg kommunikasjon til Moa -området og Ålesund bysentrum. Skulen har bokmål som hovudspråk.
Spjelkavik barneskule har mange godt utdanna pedagogar og andre medarbeidarar som legg spesielt vekt på å skape eit godt læringsmiljø for elevane. I spesialundervisninga blir det lagt til rette for at elevane i stor grad kan nytte læringsbrett (Ipad) i opplæringa. Våre satsingsområde er tidleg innsats og å skape gode læringsmiljø. Med vår visjon ” Leke, le og lære, ved Spjelkavik vil vi være”, ynskjer vi å skape trivsel og tryggleik som grunnlag for all læring.
Skolen har også lagt til rette for alternative opplæringsformer som er meir praktisk retta, og der mykje går føre seg ved ulike lokasjoner ute i naturen. Her kan vi nemne lavvo i skogen, fiske i Lillevannet, Sommerfjøsen og naustet på Sandingane.
Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert personale som har brei og god fagleg kompetanse. Vi har innarbeidd gode rutinar for teamsamarbeid, har fokus på å skape ein VI-skule, og legg vekt på å utvikle ein felles kollektiv praksis for våre tilsette.
Spjelkavik barneskole er også godt utstyrt med mange spesialrom i tillegg til dei ordinære klasseromma. Her kan nemnast eiga kunst og handverk- avdeling, gymsal, skulekjøkken, musikk-avdeling, bibliotek, kantine og ein aktivitetssal m/amfi som blir brukt til framsyningar og andre aktivitetar. I tillegg har skulen digitale skjermar på alle undervisningsrom, og alle klassene har sin eigen mobiltelefon som blir betjent av kontaktlærar.
SFO har eit rikt aktivitetstilbod til borna både før og etter skuletid. Her blir det også servert varme måltid.
Våre fokusområde:
Dysleksivennleg praksis
Eit godt og inkluderande læringsmiljø
Teamsamarbeid
Arbeidsoppgåver
Spesialpedagogikk
Særskilt norsk
Kontaktaktlærer/faglærer
Kvalifikasjonar
Utdanning som grunnskulelærar
Formell kompetanse for å undervise på barnesteget. Min 30 stp i norsk, matematikk og engelsk.
Spes.ped
Særskilt norsk
Også ønske om å kunne undervise i musikk
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som:
er god på samarbeid, er ein team- og relasjonsbyggar som har gode kommunikative eigenskapar.
er problemløysar, ser dei gode løysingane, har pågangsmot og viser dette gjennom initiativ og engasjement.
Vi tilbyr
Eit triveleg arbeidsmiljø, gode pensjonsordningar i SPK og løn i tråd med tariff.
Kontaktinformasjon
Carl Johan Tandstad, Ass. rektor
Arbeidsstad
Øvre Tuevegen 39
6010 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 4879245337
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.12.2024
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 17.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Spjelkavik barneskole, Ålesund kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | |
Webside | http://www.alesund.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | ÅLESUND (Adresse: Øvre Tuevegen 39 Postnr: 6010) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 4 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-12-2024 |
Søknadsfrist | 17-11-2024 |