Job Description

Published 02-12-2024
Deadline: Snarest

 

Gloppen Hotell søker reinhaldar / housekeeper med hjarte for godt vertskap

Vil du vere med å skape godfølelsen for gjestene våre?

Gloppen Hotell er ein stad der både gjestar og tilsette skal kjenne seg heime, og vi søker ditt smil og hjelpande hender. Vi er stolte av vår gode mat, avkoblande miljø og personlege service. Som reinhaldar og housekeeper hos oss er du sentral i gjesteopplevinga og i møte med gjesten. No leitar vi etter deg som har eit auge for detaljer, eit smil på lur og eit sterkt ønske om å vere ein del av eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr deg:

  • Å bli del av eit sterkt team som har fokus på å spele kvarandre gode.

  • Nøye opplæring og varierte arbeidsoppgåver.

  • Fordelar gjennom medlemskap i Classic Norway Hotels.

  • Eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø der vi tek godt vare på kvarandre.

Vi søker deg som:

  • Likar å vere der det skjer og er fleksibel.

  • Brenn for godt vertskap og blir motivert av gode tilbakemeldingar.

  • Trivast med å ha mykje å gjere heller enn lite, men er kreativ i stille periodar.

  • Er ein lagspelar, men kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.

  • Snakkar skandinavisk eller engelsk og har gode kommunikasjonsevner.

På Gloppen Hotell er vi opptatt av å skape gode opplevingar – både for dei som bur og jobbar her. Vi har funne vår måte å la gjestene våre kjenne på godfølelsen, og elsker når det er god stemning på hotellet. Draumen vår er jo at med ein gang gjestene våre går ut av døra så vil du berre snu og vere eit døgn ekstra.

Kan du tenke deg å jobbe saman med oss?

Send oss ein søknad og fortel kvifor du vil vere ein del av teamet vårt. Vi gler oss til å bli kjent med deg!

Smil frå team Gloppen Hotell!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gloppen Hotell orgnr: 973458531
Kort om arbeidsgiver

Gloppen Hotell, som ligg i Sandane i Gloppen kommune i Vestland fylke, er særleg kjend for si unike kombinasjon av tradisjon og kvalitet. Hotellet har ei lang historie som strekkjer seg tilbake til 1866, og er eit av dei eldste hotella i Noreg som framleis er i drift. Hotellet er kjende for sin prisvinnande lokalmat, store aktivitetstilbod og laksefiske. Hotellet er i stadig utvikling og vi søker no etter ein ny, motivert ansatt som vil vere med i eit dynamisk, ungt og utviklingsorientert team.

Webside https://www.gloppenhotell.no
Bransje Salg og service
Yrke Renholdere og renovasjon
Sted SANDANE (Adresse: Sørstrandsvegen 16 Postnr: 6823)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/19735704-acd2-4318-88f0-e786abc15aa9
Stillingsregistrering