Gloppen Hotell søker nattevakt med hjarte for godt vertskap – Gloppen Hotell
Reiseliv og mat Reiseliv, hotell og overnatting(5 hours ago)
Job Description
Published 18-11-2024
Deadline: 09-12-2024
Gloppen Hotell søker nattevakt med hjarte for godt vertskap
Vi søker ditt smil og hjelpande hender. Gloppen Hotell er kjent for sin gode mat, avkoblande omgjevingar og personlege service. Vi ønsker at våre gjestar skal oppleve godfølelsen hos oss. Som nattevakt er du sentral i gjesteopplevinga og ofte det første møte med gjesten. Du vil også vere ein sentral person i kommunikasjon mellom avdelingane.
Vi søker deg som:
- likar å vere der det skjer og er fleksibel.
- brenn for godt vertskap og blir motivert av gode tilbakemeldingar.
- trivast med å ha mykje å gjere heller enn lite, men er kreativ i stille periodar.
- er ein lagspelar, men kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.
- snakkar skandinavisk og er god på kommunikasjon.
Vi tilbyr deg:
- gode moglegheiter for å vekse i stillinga.
- god opplæring og varierte arbeidsoppgåver.
- medlemsfordelar i kjeden, Classic Norway Hotels.
- deltaktig i vidareutvikling av hotellet.
- å bli del av eit hotell-team som har fokus på å spele kvarandre gode.
Kan du tenke deg å jobbe hos oss? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Smil frå team-Gloppen Hotell 🙂
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gloppen Hotell orgnr: 973458531 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gloppen Hotell har tradisjonar tilbake til 1829. Hotellet ligg i Nordfjord i hjartet av Fjord Norge og er kjende for vår prisvinnande lokalmat, store aktivitetstilbod og laksefiske. Hotellet er i stadig utvikling og vi søker no etter ein ny, motivert ansatt som vil vere med i eit dynamisk, ungt og utviklingsorientert team. |
Webside | https://www.gloppenhotell.no |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Reiseliv, hotell og overnatting |
Sted | SANDANE (Adresse: Sørstrandsvegen 16 Postnr: 6823) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 02-01-2025 |
Søknadsfrist | 09-12-2024 |