Job Description

Published 30-09-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Geoteknikar

Med våre over 6000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1988 bruer, 30 ferjesamband.

Avdeling Infrastruktur og veg skal sikre ein framtidsretta infrastruktur, med mål om å betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet.
Vi er ein av landets største byggherrer innan samferdsle, og vi har mange spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.

For å styrke vårt fagmiljø på geo og skredseksjonen, søker vi no etter ein dyktig og erfaren geoteknikar som med sin fagkompetanse vil bli ein sentral person når vi skal realisere spanande nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar.

Geo og skredseksonen består av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, vegteknologi og skred. Vi er i dag 5 geoteknikarar, 7 ingeniørgeologar, 2 vegteknologar og 1 dak-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen.

For denne stillinga vil kontorstaden vere Leikanger, men Voss og Bergen kan og vere aktuelle kontorstadar for kvalifiserte søkarar.

Om stillinga

Som geoteknikar på geo og skredseksjonen vil du få stort ansvar med utfordrande og interessante arbeidsoppgåver, men til gjengjeld gjev me deg mykje friheit og fleksibilitet i arbeidskvardagen. Me har forståelse for at jobben ikkje skal ta all di tid, men at du og treng tid til å oppleve den flotte naturen me har rundt oss, levere i barnehage og skule eller jobbe heimefrå når du har behov for det. Me er oppteken av at du har ein fin balanse mellom jobb og fritid. Du vil bli del av eit stort og veletablert fagmiljø innan samferdsle som består av 380 medarbeidarar innan fleire fagområder, og du vil jobbe med geoteknisk prosjektering i både store og mindre investerings- og vedlikehaldsprosjekt. Noko reiseaktivitet må påreknast.

Typiske arbeidsoppgåver vil vere:

  • Geotekniske oppgåver knytt til vegar, tunnelar, bruer, ferjekaier og rassikring.
  • Geoteknisk prosjektering og rådgjeving i alle planfasar.
  • Utarbeide borplanar og følgje opp grunnundersøkingar i felt.
  • Anleggsoppfølging av eige fagområde i utbyggingsprosjekt og ved drift- og vedlikehaldsoppdrag.
  • Vurdering av stabilitet og bereevne ved skråningar, utgravingar og fyllingar.
  • Bestille grunn- og laboratorieundersøkingar.
  • Fagleg vurdering og bistand ved akutte skredhendingar.

Hjå oss kan du forvente

Arbeidsmiljøundersøkingar syner at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. Vi har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det er gode mogelegheiter for både fagleg og personleg utvikling.

Desse kvalifikasjonane og eigenskapane ser vi etter

  • Relevant høgare utdanning på masternivå innan geoteknikk frå universitet eller høgskule.
  • Utdanning på tilsvarande nivå innan hydrogeologi eller ingeniørgeologi vil og bli vurdert dersom ein har gjennomført tilleggsutdanning i geoteknikk.
  • Relevant erfaring og gode resultat frå arbeidsområdet. Det er ønskjeleg med minst 3 års erfaring frå geoteknisk arbeid, men vi oppfordrar også nyutdanna til å søke.
  • God kjennskap til digitale verktøy.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

Som medarbeidar på geo og skredseksjonen forventar vi at du har gode samarbeidsevner og kan utføre arbeidsoppgåvene dine på ein sjølvstendig og systematisk måte. Du har stå-på-vilje og er god på å dele kunnskap med kollegaane dine. Vi ønskjer at du er initiativrik og modig, engasjert og resultatorientert, og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

 

Vi kan tilby

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling – mogelegheit for vidareutdanning
  • Variert arbeidskvardag og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Tillitsbasert leiing der du raskt vil få ansvar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Attraktive pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter avtale.
  • Nye og moderne kontorfasilitetar på alle kontorstader.

Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte seksjonsleiar på geo og skredseksjonen – Stein Olav Njøs – på telefon; 95191855.

Anna informasjon
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod om stilling.
Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Stein Olav Njøs, leiar, 95191855

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4862802984
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver INV – Geo og skred (Leikanger), Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Olje, gass og bergverk
Sted LEIKANGER (Adresse: Askedalen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6fe0f8c9-3b98-4dde-82cb-38bd62240b68
IMPORTAPI