Geodatamedarbeidar Kartverket Vestland – Kartverket
Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling(22 hours ago)
Job Description
Published 08-01-2025
Deadline: 20-01-2025
Geodatamedarbeidar Kartverket Vestland
Om stillinga
Ved Kartverket Vestland er det ledig ei fast stilling som geodatamedarbeidar. Arbeidsoppgåvene er hovudsakeleg innan forvaltning, drift og vedlikehald av felles kartbasar, men kan og omfatte eigedomsoppgåver.
Kartverket Vestland er fylkeskartkontor for Vestland fylke og har kontorstad i Bergen. Vi har eit breitt samarbeid med kommunane, fylkeskommunen og statsetatane. Kontoret har 12 tilsette med ein spennande og variert bakgrunn.
Vi ynskjer ein person med god innsikt i og forståing for etablering, vedlikehald og bruk av geografisk informasjon. Ved vurdering av søkarane vil det bli lagt vekt på relevant erfaring og på personlege eigenskapar. Den rette kandidaten må vere engasjert og sjølvstendig, ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, vere serviceinnstilt, og opptatt av å gjere sitt til eit godt arbeidsmiljø på kontoret vårt i Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Kvalitetsheving av kartdata
- Kontroll av dataleveransar
- Delta på fagsamlingar og møte med samarbeidspartar
- Eigedomsfaglege oppgåver etter behov
- Kartverket er stadig i utvikling, og endring i arbeidsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonskrav
Må-krav:
- Utdanning frå høgskule/universitet, minimum bachelorgrad, med relevant fagområde innan geomatikk, eigedomsfag o.l
- Utdanning frå utlandet må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
- Kjennskap til eigedomsdata og matrikkelføring i tillegg til kartbasar
- Norsk skriftleg/munnleg
- Kjennskap til Kartverkets programvare Fysak er ein fordel
Personlege eigenskapar:
- Engasjert og resultatorientert
- God samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Kunne arbeide sjølvstendig
- Serviceinnstilt, kunne samarbeide med partane våre
- Omgjengeleg, opptatt av å medverke til eit godt arbeidsmiljø
Kvifor skal du velje oss?
Som tilsett i Kartverket blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får medverke til framtidas løysingar på ditt fagfelt.
Vi gjer deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg både fagleg og personleg i takt med samfunnets nye utfordringar. Vi tar godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter i ein kultur som oppfordrar til fagleg påfyll
- Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, treningsrom og ein time trening per veke i arbeidstida
- Fleksitid og sommartid
- Fleksibel arbeidstad inntil to dagar i veka
- Løn som overingeniør/senioringeniør avhengig av kvalifikasjonar og erfaring
- God pensjonsordning og moglegheit for bustadlån i Statens pensjonskasse
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kartverket orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Frå sjø til land. Frå det ytste verdsrommet til djupaste havbotnar. Vi i Kartverket veit at alt skjer ein stad, og at geografisk informasjon og eigedomsinformasjon er viktige komponentar i utviklinga av berekraftige samfunn og nye digitale produkt og tenester. Våre ambisjonar på vegner av Noreg er store. Vi er over 800 stolte kartverksansatte som kvar dag står opp og bidreg til at Noreg skal bli leiande i bruken av geografisk informasjon. I 2024 vart vi tildelt den prestisjefylte “Betre Stat”-prisen for vårt arbeid med å digitalisere samhandling ved eigedomshandel. Vår jobb er å gjere det enkelt å samle, bearbeide og dele stadfesta informasjon. Våre data spelar ei nøkkelrolle i framtidas berekraftige samfunn og for å finne svar på framtidas klimautfordringar. Vi er statens fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Vår oppgåve er å bygge og vedlikehalde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommunar, statlege organ og private aktørar. Vi har 13 kontorstadar frå sør til nord, samt eit jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket vart etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Noreg. Vi treng stadig fleire på laget. Kanskje du blir ein av oss? |
Webside | https://kartverket.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Kontor, forvaltning og saksbehandling |
Sted | BERGEN (Adresse: Statens hus, Kaigaten 9, 9. etg. Postnr: 5015) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 20-01-2025 |