Garanti og service medarbeidar – Brødrene Aa

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(17 hours ago)

  • HYEN
  •  Post Date: 15. December 2024
  •  Expire date: 15. January 2025
Job Description

Published 15-12-2024
Deadline: 15-01-2025

 

Garanti og service medarbeidar

Stillinga: 

Som garantimedarbeidar vil du spela ein sentral rolle i oppfølginga av leverte fartøy, med fokus på handsaming av reklamasjonar og garantisaker. Du vil ha ansvar for å sikre at kundane får nødvendig oppfølging, og at garantisakene vert saksbehandla effektivt. Stillinga inneber eit tett samarbeid med kundar og interne avdelingar for å oppretthalde høge kvalitetsstandardar. 

Du vil også delta i tverrfaglege utfordringar på tvers av ulike fagretningar som elektro, mekanisk, rør, ventilasjon/HVAC og plast, for å sikre optimale løysingar. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Motta og handsame reklamasjonar frå kundar etter levering av fartøy. 
  • Kommunisere med kundar for å avklare problem og behov knytt til garantisaker. 
  • Dokumentera og fylgje opp garantisaker i samsvar med interne prosedyrar. 
  • Analysere garantidata for å identifisere trendar og moglegheiter for forbetring. 
  • Samarbeide med tekniske avdelingar for å bistå i feilsøking og løysing av problem. 
  • Utvikle og oppdatere prosedyrar for handsaming av reklamasjonar og garantioppfølging. 
  • Bidra til opplæring av tilsette om garantiprosessar og kvalitetsstandardar. 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Relevant utdanning innan ingeniørfag, teknisk fag, kvalitetssikring eller tilsvarande. 
  • Erfaring med handsaming av reklamasjonar eller kundeservice, gjerne innan maritim industri. 
  • Gode kommunikasjonsferdigheitar, både skriftleg og munnleg – engelsk og norsk. 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team. 
  • Fordel å vere løysingsorientert og analytisk tilnærming. 
  • Gode datakunnskapar, inkludert erfaring med rapporteringsverktøy. 

 

Vi tilbyr: 

  • Eit interessant og variert arbeidsmiljø med fokus på kvalitet og kundetilfredsheit. 
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og opplæring. 
  • Konkurransedyktige vilkår. 
  • Spannande arbeidsoppgåver  
  • Kompetanseutvikling   
  • Godt arbeidsmiljø med kompetente kollegaer   
  • Gode forsikringsordningar 

 

 

 

Om Brødrene Aa  

Vårt hovudkontor og produksjonsanlegg ligger i Hyen, Nordfjord, på vestkysten av Norge, og har 170 dyktige medarbeidere. Dette er knutepunktet for engineering og produktutvikling i verksemda. På det nærliggande Eikefjord-anlegget utfører vi service og reparasjon av fartøy, samt ombygging av fartøy. Vår verdikjede inneheld alle aktivitetar frå sal til ettermarknadstenester – inkludert produktutvikling og design, engineering, og produksjon av komplette fartøy. 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Brødrene Aa orgnr: 976617509
Kort om arbeidsgiver
Webside https://www.braa.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HYEN (Adresse: 1775 Hyevegen Postnr: 6829)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 15-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/68b0f239-7deb-4ada-8c3d-c6c5ba2d516b
IMPORTAPI